Orientering til høgskulestyret 25.10.2019

Tre sentrale kvinner for HVO: Alle med røter i Rogaland og samla på styremøtet 25.10.2019: Frå venstre: Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen, forsking og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og styremedlem Inger Østensjø.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda og viktigast er våre nettsider: www.hivolda.no.
Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida:
https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Nybygget

Framlegget til statsbudsjett for 2020 inneheld ikkje noko om dei 25 millionane vi treng for medieteknisk utstyr til mediehuset, men vi håper det vil kunne kome i revidert budsjett eller i budsjettet for 2021.

Det er også bra at plan for arbeidsplassar for tilsette har løyst seg og vi håper det vil fungere godt i praksis.

Som tidlegare meldt vil entreprenør PEAB Nordang ta til på arbeidet i månadsskiftet oktober-november no i 2019. Statsbygg har no fått på plass ein avtale med eigar av ei nabotomt til høgskulen slik at det vil bli laga nye parkeringsplassar i staden for dei som blir borte på grunn av husbygginga. Vi vil også få nye vegar på høgskuleområdet – vi må altså ut av vante spor.

Volda kommune har fått skiltplanen for området til vurdering, og det vil bli gjort eit politisk vedtak om det. Men det blir antakelig ikkje gjort før etter jul.

Struktursaka

Vi har ikkje klart å få på plass eit møte med leiinga ved Universitetet i Bergen for å gjennomgå og forlenge samarbeidsavtalen. Avtalen frå 2016 var for tre år og gjekk ut tidlegare i haust. Vi vil kome tilbake til dette seinare. 

Høgskolen i Molde har også fått eit nytt styre og ser an situasjonen no når NTNU ikkje ser det som aktuelt med fusjon. Blant anna har Høgskolen i Molde fått invitasjon til å bli med i UH Nett Vest, og eg ser ikkje bort frå at det kan vere meir aktuelt for Molde å bli med der no.

Grunnskulelærautdanning

Vi er godt i gang med det tredje året og jobbar hardt med å få på plass planane for det 4. og 5. året. Det er sett ned ei arbeidsgruppe for gjennomføring av masteren og samkøyring av GLU og det nye erfaringsbasert masterløpet.

Arbeidsmiljøsakene

På dagsorden i styremøtet i dag står arbeidsmiljøsaka på Avdeling for mediefag, så den saka skal eg ikkje gå nærare inn på her. Nettavisa Khrono har for nokre dagar sidan også omtalt ei anna arbeidsmiljøsak frå 2017 ved Høgskulen i Volda. Det førre høgskulestyret var godt informert også om denne saka som altså vart avslutta i 2017.

Eg er glad for at vi no har eit ope og konstruktivt samarbeid med fagforeningane om arbeidsmiljøspørsmål. Eitt av spørsmåla vi drøftar med når vi skal ta ein ny runde med den generelle arbeidsmiljøkartlegginga, ARK. Den vart utført i 2015 og 2018, men det kan hende vi bør ta ein ny runde i 2020 i staden for den treårige syklusen vi har lagt opp til.

Regionale samarbeid

Høgskulen har alltid hatt mange regionale samarbeidsmåtar og -arenaer. Ikkje minst på området vidareutdanning av lærarar.  Det held fram. Blant anna går vi vidare med etter- og vidareutdanning av lærarar innan digital kompetanse. Vi starta i Ulstein, Volda og Ørsta, og går no vidare til Ålesund kommune.

Vi har denne veka underteikna ein generell samarbeidsavtale med Nye Ålesund kommune. Den handlar om at både kommune og høgskule ønskjer å samarbeide om utvikling på område av felles interesse. Fagmiljøa ved Høgskulen i Volda dekker svært mykje av det ein kommune driv med: Barnehage, skule, familie, integrering, kultur, kommunikasjon, planlegging – og meir til. Vi har alt sendt ein søknad om forskingsmidlar på planleggingsområdet og tek sikte på å opne kontor i Ålesund om kort tid.

I Ulsteinvik samarbeider vi med mange andre aktørar om det såkalla Skaparhuset – blant anna er iKuben i Molde ein av dei samarbeidande aktørane. Vi er glade for at Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune dei siste dagane har gått inn med 2,5 mill til prosjektet.  

Frå nyttår av blir også Regionalt Forskingsfond for Møre og Romsdal oppretta. Tidlegare har Møre og Romsdal og Trøndelag vore i lag, men no ser vi altså ei regionalisering eller ein fisjon om ein vil.

NOKUT-tilsynet.

Det statlege kvalitetsorganet NOKUT skal vurdere kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda. Dei skal blant anna ta stikkprøver på bachelor, master og phd-programmet vårt.  Dei utplukka studia er altså: Bachelor i musikk og journalistikk (avis/nett), master i kulturmøte og Ph.d. i helse- og sosialfag (fellesgrad).

Høgskulen har tilsett ein koordinator for arbeidet og alle avdelingar er i arbeid for å levere alt materiale som vert etterspurt av NOKUT. 31. januar skal alle dokument vere levert frå høgskulen. Vi får besøk frå ein kommisjon mars/april, og så vil NOKUTs styre ta avgjerd til hausten.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar