Orientering til styret, styremøte 7/2018, 6. desember 2018 *)

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

Fleire tilsette – færre i fellesadministrasjonen
Statistikkken frå DBH (Database for høgare utdanning) viser at vi pr 1.10.2018 har 339 årsverk på HVO. Det er fleire enn nokon gong tidlegare og 12 fleire årsverk enn i fjor. Tala viser også at fellesadministrasjonen igjen har minka i tal årsverk – frå 78 til 74. Avdelingane har altså auka med 16 årsverk – av desse ca 8 årsverk ved at Nynorsksenteret vart overført til Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Campusutvikling 2.0
Nybygget for medieutdanningane sprang ut av det første samla Campusutviklingsprosjektet ved Høgskulen i Volda. Vi skal no i gang med eit nytt campusutviklingsprosjekt og har nett tilsett prosjektleiar. Vi kallar det nye prosjektet 2.0 for å skilje det frå det førre prosjektet frå 2015.

Det nye campusprosjektet vil ha to innretningar: For det første ein innomhusdel der særleg nye undervisnings- og arbeidsformer vil stå i fokus. Men for det andre vil vi også ha ein utomhusdel der eg sjølv meiner det er heilt nødvendig å sjå høgskuleområdet i samanheng med våre naboar og naboinstitusjonar. Både fordi det begynner å bli knapt med plass, det skal byggjast store vegprosjekt i området vårt og vi må dele på fellesressursar og utvikle oss i lag. Til dømes våre utfordringar når det gjeld parkering vil våre naboar merke – same kva vi gjer eller ikkje gjer.

Og då tenkjer eg i tillegg til høgskulen på Studentsamskipnaden, Statsbygg, Volda kommune, Sunnmøre kulturnæringshage og kunnskapsparken, fylkeskommunen med Volda vidaregåande skule og Helse Møre og Romsdal med Volda sjukehus. Private aktørar har også vorte sterkt interesserte i høgskuleområdet. Eg tenkjer då på idrettshall-planane til Volda Campus Sparebank1-arena, men også andre store næringsprosjekt. Så her må mange aktørar samordnast.

Dei samla utbyggingane på og ved høgskuleområdet frå 2015 og fram til ca 2025 blir på ca 1 milliard – og i tillegg kjem tunnel mot Ørsta som vil koste 1 milliard. Tunnelløp nummer to vil måtte byggjast få år etter, og då blir det nok ein milliard. Så i år 2030 har vi antakelig fire-felts veg mellom Høgskulen og flyplassen. Nesten.

Utvikling av høgskuleområdet 2015-2025. Status ved årsskiftet 2018/2019

Alle forstår at alle desse prosjekta vil vere svært krevande både i byggetida og etterpå, og for oss er det avgjerande å få ein god dialog med kommune og alle dei andre aktørane i området for å få eit best muleg høgskuleområde.

Volda kommune legg i januar ut ny kommuneplan, arealplan, til offentleg ettersyn. Og eg har teke initiativ til eit møte på leiarnivå med dei nemnde aktørane på høgskulen i januar 2019. Der vil vi få presentert og diskutert planutkastet og sjå korleis det passar med dei einskilde institusjonane eigne planar innanfor planområdet.

Trakassering, studentmiljø og arbeidsmiljø
Denne veka fekk vi – og sikkert alle andre høgskular og universitet – spørsmål frå nettavisa Khrono om det har vorte meldt om saker som gjeld seksuell trakassering av studentar på Høgskulen i Volda. Dei som skal ta i mot slike saker på høgskuen og studentsamskipnaden fortel at det ikkje er meldt inn saker.

Vi får om kort tid invitasjon frå Universitetet i Agder invitasjon til å vere med på ei nasjonal kartlegging av om tilsette har opplevd seksuell trakassering. Dei fleste eller kanskje alle institusjonar kjem anten til å ta i mot tilbodet frå Agder, eller å gjennomføre eigne undersøkingar. Eg reknar med at vi kjem til å ta i mot tilbodet frå Agder då det er mange fordelar med å nytte ein ekstern part til å gjennomføre undersøkinga og ikkje minst behandle data. Men først må vi altså få invitasjonen.

Struktursaka
Inntrykkket frå sektoren er som tidlegare at dei samanslåtte høgskulane og universiteta har mykje arbeid med å få organisasjonane til å fungere og at dei har mange ulike utfordringar.

Eg har meldt meg på eit forskingsseminar om fusjonane på NTNU i februar der blant andre NIFU skal bidra. Dei har vorte engasjerte av fleire institusjonar for å drive med følgjeforsking. Som sagt på styreseminaret i Ørsta er det også utlyst forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet for å studere fusjonane.

Samarbeid med andre høgskular og universitet:

Ikuben ved Kunnskapsparken ved Høgskolen i Molde har vi nett bestemt oss for å søke om å bli medlem av. Dette er ei tverrindustriell klynge der blant anna arbeidsområde som Kommunikasjon, Innovasjon og Samarbeid mellom Offentleg verksemd, næring og akademia er interessante område for oss. Ikuben har også teke spennande initiativ som ser ut til å vere midt i blinken for å kunne utvikle Framtidsferdigheiter – future skills – i samarbeid med sentrale aktørar i regionen. Veldig spennande!

Fjordkonferansen har vore eit årleg arrangement – eit lågterskeltilbod til forskarar som er i starten av ein fagleg karriere. Samarbeidspartane bak konferansen har vore Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og dei tidlegare Høgskolen i Ålesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg er glad for å fortelje at alle rektorane ved dei nye institusjonane er interesserte i å halde fram med Fjordkonferansen. Volda får ei koordinerende rolle dei neste fire åra og skal også vere teknisk arrangør av Fjordkonferansen 2019. Dette får ein kostnad på ca kr 60.000 pr år som dei fire institusjonane vil dekke.

UH Nett Vest har vorte utvida med Universitetet i Agder og VID. Det betyr at nettverket strekker seg frå Volda til Agder. Ved tildeling av forskingsmidlar i regi av UH Nett Vest fekk Volda bra tilslag.

På prosjektnivå kan vi nemne ei rekkje samarbeid:

  • Vi har inngått intensjonsavtale med NTNU i Ålesund om å vere med i ein kompetansehub for berekraft. Frå før samarbeider vi med NTNU Ålesund også om prosjektet «Grøn campus» som Møre og Romsdal fylkeskommune har finansiert og med Annik Magerholm Fet som prosjektleiar. Vi har også eit forskingsrådspprosjekt i lag om berekraftig turisme med særleg fokus på Geiranger.
  • Vår Avdeling for mediefag vil i januar samarbeide med NTNU med å gjennomføre den nordiske konferansen om datajournalistikk (NODA) i Trondheim i månadsskiftet januar/februar. Vi var medarrangørar då konferansen vart arrangert for første gong i Ålesund for fire år sidan.
  • Avdeling for mediefag samarbeider også med Universitetet i Bergen om medieteknologi og robotisering av journalistikk i eit forskingsrådsprosjekt.
  • Vi har planar om å vidareutvikle LIHS (Leiing i helse- og sosialsektoren) til eit nytt mastergradsstipend i samarbeid med Molde og NTNU Ålesund.
  • Har mottatt innspel frå regionen om muleg behov for ny bachelorutdanning i vernepleie. Frå før finst slike utdanningar i Sogndal og Molde.
  • Vår tidlegare masterstudent og stipendiat Emmy Langøy har disputert ved NTNU. Ho vart teken opp på doktorgradsprogrammet i helse- og sosial på NTNU, men har hatt Rune Kvalsund som siderettleiar ved Høgskulen i Volda. Prosjektet sprang ut av eit heilt særmerkt datamateriale om særvilkårselevane i vidaregåande skule som forskarar ved Høgskulen i Volda har vidareutvikla gjennom 25 år. Emmy Langøy har fått fast tilsetting som førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde, og vi får nok glede av ho på fellesgrad i helse- og sosial.

Grunnskulelærarutdanning
AHL hadde to-dagars seminar Loen i førre veke. Eitt av tema var korleis ein skal handtere at 50-100 studentar på den nye grunnskulelærarutdanninga skal skrive og levere masteroppgåver – samtidig. Det er ein kraftig auke i høve til i dag – vi snakkar kanskje om ei dobling i talet på avlagte mastergrader. Avdelinga er fullstendig klar over kva dei står overfor og legg no planar for at studentane skal kome i gang med masterstudiet tidleg, ha mange rettleiings og peilepunkt undervegs og trur at med tett oppfølgjing så skal vi unngå at det blir mange som blir forsinka, for då kan vi fort kome inn i ein vond sirkel. Men eg har også inntrykk av at dei fagtilsette gler seg til å jobbe med fleire masterstudentar, og dei mest framoverlent tenkjer også på å integrerer studentar og masteroppgåver i eigne forskingsprosjekt.

Men vi kjem også til å ha kurs i rettleiing på masteroppgåver og andre former for oppgradering av staben. Nærare 60 prosent av dei fagleg tilsette ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har førstekompetanse eller meir – og eg er glad for å fortelje at vi har fått ein ny professor i pedagogikk i Siv Måseidvåg Gamlem.

Meritering av undervisning, pedagogisk basiskompetanse og oppfølgjing av Studiebarometeret 2017 – og andre undersøkingar

To tiltak som handlar om studiekvalitet vil vi kome tilbake til i neste styremøte i mars. Det er planar for eit system for meritering av undervisning og pedagogisk basiskompetanse. Her har vi hatt eit utval i sving som no har sendt ut på høyring eit framlegg med høyringsfrist i slutten av januar. Fristen Kunnskapsdepartementet har sett er at vi innan sommaren 2019 skal ha på plass eit system, og det skal vi få til.

Vi har også gjennomført ei arbeidsmiljøkartlegging etter ARK-modellen til NTNU. Dette gjer vi kvart tredje år og styret vil naturlegvis få presentert resultat også frå denne undersøkinga.

Og som om det ikkje var nok, så har DIKU – Direktoratet for kvalitetsutvikling i utdanninga plukka oss ut til ei kartlegging av den digitale tilstanden i sektoren, så det har nok vore eit visst mas og ein spørjeskjematrøyttleik å spore blant dei tilsette på høgskulen i Volda i haust.

Studentane har også vorte utsett både for spørjeskjema og vorte inviterte til å delta i val.

Når det gjeld Studiebarometeret 2018 så er data samla inn gjennom spørjeskjema til studentane på 3.semester på bachelor og 3. semester på master. Vi hadde også i år ca 70 prosent deltaking frå studentane, og eg er glad for at studentane også i år har teke undersøkinga alvorleg. Vi får resultata for 2018 i god tid før neste styremøte i mars, og då vil vi også sjå dei i samanheng med resultata og ikkje minst oppfølgjing av resultata frå 2017 som har vore eiga sak i styret.

Men vi fekk nokså dårleg respons frå studentane på studiestartundersøkinga. Med ca 10 prosent svar så er det vanskeleg å bruke den til noko.

Det kan her passe å nemne at studentane og Studentparlamentet har fått til svært god deltaking i valet på nytt Studentparlament. Det var ei valdeltaking på ca 20 prosent, og det er faktisk heilt i toppen i sektoren.

*) OM DENNE ORIENTERINGA

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida: https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Elles er det naturlegvis også mykje informasjon å finne på www.hivolda.no i sosiale media og i nyhendemedia.

HVO I MEDIA
Les nyhendeoppslag om HVO og HVO-tilsette i nyhendemedia og sosiale media:
https://www.tintup.com/t/customer_2082469_hogskolenivolda

LEDIGE STILLINGAR VED HØGSKULEN I VOLDA
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/hoegskulen-i-volda

HVO PÅ SOSIALE MEDIA MM.
Facebook: https://www.facebook.com/hivolda/
Instagram: https://www.instagram.com/hivolda/
Youtube: https://www.youtube.com/user/hivolda/
Rektorbloggen: https://blogg.hivolda.no/jr
Rektors Facebookside: https://www.facebook.com/rektorHVO/
Løpande oppdatering av straumproduksjonen i solcelleanlegget: http://evishine.dk/VoldaUniversityCollege?42229

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar