NIFUs studieporteføljerapport: Presentasjon og kommentarar til rapporten

På styreseminaret 22. oktober 2018 diskuterte høgskulestyret, leiinga og representantar frå tilsettes organisasjonar og studentane NIFUs rapport om høgskulens studieportefølje.

Nedanfor står mi innleiing til diskusjonen om rapporten generelt og om struktursaka spesielt. Teksten har vorte litt omarbeidd for å passe til nettformatet, den har vorte utvida med lenkjer og illustrasjonar elles litt oppdatert ut frå ting som har skjedd og elles mindre justeringar i den endelege versjonen av NIFU-rapporten som vart lagt fram etter seminaret.

NIFU-rapporten er tilgjengeleg både frå Høgskulen i Voldas nettsider, og på NIFUs nettsider. Rapporten har også vorte omtala av Møre-Nytt (krev innlogging) og artikkelen i Møre-Nytt har vorte vidareformidla av Sunnmørsposten (krev innlogging) og NRK Møre og Romsdal 8.11.2018.

I samband med styreseminaret i fjor la direktør Karen Lomeland Jacobsen fram ein plan for vidare strategisk arbeid med struktursaka. Vi har no kome til eit spennande punkt i dette arbeidet der vi skal drøfte den eksterne utgreiinga, altså NIFU-rapporten. NIFU-rapporten er også innom spørsmål som strategisk utvikling av studieportefølja og naturlegvis også det såkalla «nye institusjonslandskapet» – og det skal vi drøfte i dag. Så det er dei store tinga vi skal snakke i lag om.

Høgskulestyrets plan for behandling av struktursaka 2018-2019.

Høgskulen har frå tid til annan drege inn eksterne forskingsmiljø for å få hjelp til å styre verksemda. Som student ved Distriktshøgskulen tilbake i 1989 var det Statskonsult som vart henta inn for å vurdere og foreslå samanslåing av DH-skulen og Volda lærarhøgskule. Rapporten fekk ublid omtale internt: «Den var for dårleg». Men samanslåing vart det.

Rokkan-rapporten 2012

Rokkan-senteret har tidlegare vurdert høgskulens interne avdelings- og styringssstruktur.

Rokkan-rapporten 2012: Evaluering av ny organisasjonsmodell ved Høgskolen i Volda. (Rokkaninstituttet har seinare vorte ein del av forskingsselskapet Norce).

No har altså NIFU på oppdrag frå oss kome med ei brei undersøking av oss ut frå tilgjengeleg data – både NIFUs eigne data – som vi sjølve har bidratt til – og frå andre data som var levert frå oss for ymse andre føremål.

Det er viktig å få eksterne blikk på eigen aktivitet. I det minste for å få ein sjekk på om ein er på same planet – anten det no gjeld tolking av data eller kva data ein skal legge vekt på.

No har vi fått ein rapport frå NIFU om oss – det er i grunnen stas – og kostar pengar. Men når det er sagt så vil eg i grunnen utfordre særleg styremedlemmene og leiarane til å vere tydelege på om dei har funne noko fakta i NIFU-rapporten som var heilt nytt og som ikkje var omtala nokon annan stad i den mengde av data og rapportar som både styre og leiing er borti i kvardagen.

Så utfordringa til fleire: Kva er heilt nytt i NIFU-rapporten?

For min eigen del var det greitt å få tal på kva kommunar våre studentar kjem frå. NIFUs data syner at i kommunane på Søre Sunnmøre så er det ca 40 prosent av alle studentar som går på sin næraste høgskule. Vi har høge marknadsdelar også i Nordfjord og på Sunnmøre samla sett. Men frå andre delar av landet – også andre delar av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har vi ikkje svært mange studentar. Eg reknar med at Ålesund, Molde og Sogndal har liknande tal. Desto viktigare blir det at det er utdanning der folk bur. Og ønskjer å halde fram med å bu.

NIFU-rapporten 2018, side 45.

Men om lite var heilt nytt i rapporten, så skal vi merke oss vektlegginga til NIFU. Kva fakta er det dei legg mest vekt på? Det er ei rekkje punkt eg er usikker på kva NIFU eigentleg byggjer på og kor sikre vi kan vere på NIFUs data. Generelt så kunne eg nok tenkje meg at NIFU kunne presentert det på ein tydelegare måte.

Eg skal kome tilbake til det, men først kan det vere greitt å gå tilbake til kva oppdraget gjekk ut på.

Lenkje til NIFU-rapporten (2018).

NIFU-rapporten 2018

NIFU-rapporten skulle handle om fire spørsmål – dei er i ulik grad aktuelle akkurat no – eller i komande budsjettår – men alle spørsmåla vil vere aktuelle på lenger sikt:

Dei fire spørsmåla var: Avdelingsstruktur, studieportefølje, stortingsmeldinga Kultur for kvalitet og strukturdebatten.

    1. Avdelingsstruktur: Avdelingsstrukturen har høgskulestyret vedtatt for dei neste fire åra – og vi er i ferd med å lyse ut tre dekanstillingar. Så det kan vi kanskje bruke minst tid på styreseminaret.

2. Studieporteføljen:  Vi er i ferd med å vedta studieporteføljen for 2019 – men dette er eit spørsmål som vi må vurdere kvart år: Kva studium skal vi tilby? NIFU-rapporten oppfordrar oss antakelig til å tenkje meir strategisk på dette punktet. Eg er spent på kva dei vil seie i presentasjonen av rapporten, spesielt kva som ligg i spissing. For oss.

3. «Kultur for kvalitet» (st.mld.): Stikkord her er meritering av undervisning og utviklingsavtale som har sine eigne tidsforløp og som også har vore oppe i styremøte.

4. Strukturdebatten: Det er jo det store spørsmålet, kanskje. Skal vi halde fram som sjølvstendig høgskule, inngå tettare samarbeid med andre – eller be andre om å ta over Høgskulen i Volda?

Reservasjoner og spørsmål 

Sjølv har eg ei rekkje spørsmål og kanskje også reservasjonar til rapporten.

For det første har vi avdelingsstruktur. Når det gjeld avdelingsstruktur så er det vanskeleg å vurdere avdelingsstruktur når ei av avdelingane ikkje er særleg omtala i rapporten, og då er det Avdeling for kulturfag eg tenkjer på. Det er vel nokså klart i rapporten at det blir foreslått tre avdelingar med hovudsatsingsområde: Lærarutdanning, sosialfag og mediefag. Men sidan Avdeling for kulturfag omtrent ikkje er omtalt i det heile så lurer eg veldig på kva som er grunnlaget for den vurderinga. Det er jo ei letthuska vurdering frå ein tidlegare rapport – Rokkan-rapporten – at det er dei to minste avdelingane var dei «lukkelegaste». Altså Avdeling for kulturfag og avdeling for mediefag. Og sjølv om dei var lukkelege kvar for seg så virkar det vel ikkje akkurat som at dei hadde fryktelig lyst til å bli lukkelege saman.

(NIFU har omtala akkurat dette i ein eigen fotnote i den endelege versjonen av rapporten og skriv der at kulturfaga i dei mange statistiske samanhengar vert grupperte i lag med andre historisk-filosofiske (humanistiske) fag.)

For det andre har vi studieporteføljen. Den kan vurderast på svært mange måtar. Her vil eg særleg peike på at vår studieportefølje i stor grad spring ut av regionale behov, og det er ingen andre institusjonar i Møre og Romsdal som tilbyr dei same faga som vi gjer. Samtidig ser vi at Møre og Romsdal etter somme kriterier ligg svært dårleg an når det gjeld kompetanse i skulen og offentleg verksemd. I NIFU-rapporten er dette ei side ved etterspurnad som kanskje ikkje kjem så godt fram – slik eg les rapporten er det først og fremst studentanes etterspurnad som er brukt som mål.

Elles håper eg alle på seminaret tek ein liten diskusjon med NIFU om funna Kåre Heggen har presentert i mange samanhengar: Studentar som tek si utdanning i ein region finn seg i stor grad jobb i den same regionen etterpå – og særleg dei som har vokse opp i den same regionen.

Sunnmørsposten, 15. januar 2013: – Viktig med regionale høgskular (referat frå innlegg av Kåre Heggen).

Høgskulen i Volda kan gi leveringsgaranti på etterspurt arbeidskraft til Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er det ikkje så mange andre som kan. Dette handlar altså om det som skjer ETTER utdanning – NIFU har kanskje vore mest opptatt av søking og status undervegs i studiet.

Slik eg les NIFU-rapporten så er dei meir opptatt av at næringsstrukturen i Møre og Romsdal er dominert av industri, og at vi kanskje ikke treff så godt der. Men ein konsekvens av det var kanskje at vi heller burde tilby fleire økonomisk- administrative studietilbod eller juridiske fag? Sidan vår region i følgje rapporten har underdekning på dette området? Men samtidig meiner andre at det er for mange som tilbyr slike fag i Noreg, så det er kanskje vanskeleg å foreslå fleire slike tilbod? Sjølv om vi kunne trengt det i Møre og Romsdal?  Vi veit jo at studia i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda har hatt sterk auke i tal søkjarar og studentar dei siste 5-6 åra: Frå 2013 til 2017 auka talet studentar frå 55 til 115 på bachelorutdanninga i samfunnsplanlegging og leiing.

Bachelorstudentar på samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda 2013-2018. Kjelde: DBH

Det tredje punktet var stortingsmeldinga Kultur for kvalitet. Her har kanskje NIFU vore like mykje opptatt av den føregåande stortingsmeldinga om struktur som av kvalitetsmeldinga?

Det fjerde punktet var strukturspørsmålet. Her har NIFU teke dei nødvendige atterhald om at fusjonane framleis er i utvikling og at det er vanskeleg å vite kva som blir ettertidas vurdering av både prosess og resultat. Men når det er sagt meiner eg NIFU i få setningar syner at dei ser på institusjonell kontinuitet som noko tvilsamt: «fortsette alene». Vi har jo sett mange stader i retorikken omkring fusjoner at omgrep som «alenegang», «ressursene er smurt tynt utover», «man er på frieri» og så vidare. Så sjølv er eg nok ekstra var for slike ladde begrep. Eller kanskje andre legg andre tydingar i dette? Vi har ei rekkje faglege samabeid både på individ-, avdelings- og meir overordna nivå. Så aleine er vi uansett ikkje. Men vi bestemmer sjølve.

Motsett blir fusjonar omtala som «tettere samarbeid» – men det er jo totalt misvisande. For institusjonar på storleik med Høgskulen i Volda er det jo ikkje fusjon mellom likeverdige partar som er mest aktuelt – men å bli overtatt av ein større institusjon.

Dette er ordval som er viktige – særleg når dette er eit felt der det er forska lite og der forskinga ikkje er eintydig på kva resultat ein kan vente. Eg har jo lese NIFUs rapportar for institusjonar som har vurdert samanslåing, og NIFU har vore balansert og peika på at det er positive og negative sider ved fusjonar. Men NIFU har tilrådd fusjon – med kronargumentet at Kunnskapsdepartementet ønskjer det – og at det kan vere risikabelt å utfordre departementet. Ein politisk analyse ligg kanskje i grenselandet av det NIFU kan ha sikre data på. Vurderingane av politiske signal må vi uansett gjere sjølve.

Økonomi – input og output

Eitt tema som i praksis har vorte lukka dei siste åra er for oss heilt sentrale spørsmål som basisløyving og effektiviseringskutt. Vår låge grunnløyving blei ikkje endra då Stortinget diskuterte finansiering av høgare utdanning. I staden opplever vi som ein effektivt driven institusjon at vi blir utsett for same kutt som alle andre.

Men det er altså ikkje uviktig kva ressursar vi får til rådvdelde for å drive forsking og undervisning, og det er naturlegvis med på å påverke våre resultat no og mulegheiter i framtida. Økonomi låg ikkje direkte innanfor oppdraget til NIFU, men økonomiske resonnement finn ein indirekte ved at omgrep som spissing av forsking eller studieportefølje ikkje er så lette å fylle med innhald utan at ein tek omsyn til økonomi. Er det til dømes slik at om vi flyttar 50 studieplassar frå eitt fagområde til eit anna – så får vi automatisk fleire studentar? Det er jo tvilsamt om vi får det på kort sikt. Vi har jo generelt få søkjarar på våre studietilbod og kanskje ikkje for mange søkjarar på ledige stillingar heller. Så det er risikabelt å gjere store endringar på kort sikt.

Derimot veit vi at det skal bli innført såkalla konkurransearenaer for studiekvalitet. Det er tiltak som Senter for framifrå utdanning der einskilde miljø skal få utvikle seg til å bli nasjonale og internasjonale toppmiljø på utdanning. Her burde vi i utgangspunktet kunne konkurrere godt, sidan vi alt har det utdanningsfokuset som er politisk ønskjeleg i dag. Men på alle slike konkurransearenaer så konkurrerer vi med universitet og høgskular som har langt, langt betre finansiering enn oss og dermed også har større sjanse til å vinne fram i konkurransen.

Det ironiske er  jo at vi får vårt budsjett frå same departement som først seier at vi som høgskule skal ha lågare løyvingar enn universiteta. Så seier dei at vi må konkurrere på like fot med dei same universiteta. Fram til no har det handla om forsking. Men no skal det altså i aukande grad også handle om utdanning. Dette er ikke konkurranse på like fot. Det er ein konkurranse der konkurrentane ikkje berre har fått meir tid og ressursar til å trene, men i praksis også har fått eit forsprang. Og også har fått bestemme konkurransereglane. Og når det gjeld forskingsrådsmidlar så sit dei også i dommarpanelet.

Sagt på ein anna måte: NIFU og KD har veldig fokusert på output – på resultat. Men mindre på input. På ressursane som vert sett inn. Det må vi visst sjølve legge vekt på. Då er det jo kjekt å kunne melde om at vi har hatt svært gode tal for gjennomføring på bachelornivå – noko også OECD seier er ei kjempeutfording i norsk utdanning. Stikkord er overbooking og enormt fråfall på utdanningar i dei store byane. Her gir vi viktige positive bidrag både for regionen og for landet.

NIFUs rapportar er tilgjengelege på instituttets nettsider – her er nokre av dei som omhandlar fusjonar i UH-sektoren:

NIFU rapport 2015:41 Fusjonsutredning for Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund. Statuskartlegging og mulighetsstudie.

NIFU rapport 2016:3 Muligheter ved en fusjon: Utredning av en mulig fusjon mellom Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer. 

NIFU rapport 2016:34 Høgskolen i Molde i det nye institusjonslandskapet. Fusjon eller fortsatt selvstendighet?

NIFU stilte med fire deltakarar på styreseminaret (ståande): Frå venstre Trude Røsdal, Nicoline Frølich, Mari Elken og direktør Sveinung Skule.


Følgjeevalueringar:

Både Høgskulen på Vestlandet og NTNU har tinga NIFU til å gjere følgjeevalueringar av sine fusjonar. Det vil om nokre år også kome ei nasjonal evaluering av fusjonane. Forskingsrådet har innanfor FINNUT-programmet lyst ut inntil 15 mill til ei forskingsbasert evaluering av strukturreformen i universitets- og høgskulesektoren.

Sjå utlysinga under FINNUT-programmet på Forskingsrådets nettsider.

Innhaldet i NIFU-rapporten

Det var fire hovudpunkt i oppdraget til NIFU:

1) Avdelingsstruktur 

Høgskulestyret har vedtatt å halde fram med dagens avdelingsstruktur med fire avdelingar og fire dekanar:

  • Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
  • Avdeling for samfunnsfag og historie.
  • Avdeling for mediefag.
  • Avdeling for kulturfag.

Arbeidsgruppa som arbeidde med avdelingsstrukturen la fram fleire alternativ – men styret slutta seg samrøystes til å halde fram med dagens struktur.

Styresak 56/18 Vurdering av avdelingsstruktur.

Vi har vedteke ein budsjettmodell – eller rettare sagt – vidareført og vidareutvikla budsjettmodellen vår.

Styresak 54/18 Evaluering av budsjettfordelingsmodellen

Då vi bestemte oss for å invitere forskingsmiljø til å kome med ei vurdering av Høgskulen i Volda så tenkte vi nok at den ville bli klar før styret gjorde vedtak om utlysing av dekanstillingar – men det viste seg i praksis å bli for lita tid. Diskusjonen om intern organisering bør naturlegvis førast løpande, men i praksis er det altså på bestemte tidsvindu det er muleg å gjere vesentlege endringa eller justeringar. Så det vindauget er no lukka for nokre år framover.

Etter mi meining må det skje dramatiske endringar når det gjeld struktur, rekruttering eller økonomi for at det skal bli aktuelt å endre avdelingsstruktur i komande styreperiode.

I sum betyr dette at avdelingane også i framtida har eit stort ansvar – men også vide fullmakter – for å gjere sine prioriteringar. Det har styret valt å vidareføre.

2) Studieportefølje

På dagsorden på styremøtet 23. oktober stod også direktørens framlegg til studieportefølje for 2019-2020, basert på vedtak i Strategisk studienemnd. Kva studietilbod vi skal tilby hausten 2019 og våren 2020 gjer vi altså vedtak om i haust. Vi må gjere vedtak om dette før jul blant anna for at framtidige studentar skal få godt oversyn over våre tilbod – og andre høgskular og universitet sine tilbod før nyttår 2018/2019. Utdanning er langsiktig arbeid. Endeleg vedtak om studieportefølje for komande studieår brukar høgskulestyret å vedta i same møtet som budsjettet for komande år, som regel på siste styremøte for året.

Så kan ein spørje om denne avdelingsautonomien også betyr at det er avdelinganes studieportefølje – eller høgskulens studieportefølje. Formelt sett er det styret som gjer vedtak om dei overordna spørsmåla i studieporteføljen. Men i praksis har det synt seg at avdelinganes betalingsvilje og betalingsevne er viktig for kva studieportefølje høgskulen har.

Dei siste fire-fem åra har avdelinganes avsetningar auka med ca 50 millionar kroner. Det er bra å ha ein buffer. Men bufferen er for stor, og avdelingane har fått både ansvar for å sette avsetningane i arbeid – å få til aktivitet for pengane. Det håper eg dei får til.

Men vi merkar oss at Høgskulen i Volda ikkje var blant dei 8 institusjonane som i oktober 2018 fekk brev frå Kunnskapsdepartementet med beskjed om at dei må redusere avsetningane.

Khrono, 24. oktober 2018: Kan få budsjettkutt hvis de ikke får fart på pengebruken.

Så om vi på dette seminaret tenkjer i retning av at styret skal bli meir aktive i å vurdere studieporteføljen, så må vi kanskje også tenkje på korleis vi tek beslutningar internt. Dette er spørsmål som handlar om vårt indre liv, men som har lege utanfor det NIFU kunne kartlegge i sin rapport.

Vi har 500-600 einskildemne på Høgskulen i Volda. NIFU-rapporten syner at vi ikkje er så veldig ulik andre institusjonar. OsloMet har ein kvalitetsprosess der dei driv «studieporteføljekartlegging». Det er eit interessant begrep. Er det reaktivt? Prøver leiinga å finne ut kva som har skjedd? Om  terrenget forandra seg? Må kartet teiknast på nytt? Det er kanskje ein fornuftig – eller realistisk strategi.

Men ser vi på bachelor- og masterutdanninger ved Høgskulen i Volda så er vi eigentleg nokså stabile – men har ei gradvis utvikling eller kanskje er det knoppskyting det er snakk om. Dei siste åra har to bachelorutdanningar på dagens Avdeling for mediefag vorte splitta ut frå interne vurderingar: Journalistikk vart splitta til avis/nett-journalistikk og radio/TV-journalistikk. Bachelorgraden i Media, IKT og design vart splitta i ein produksjons- og ein designgrad. Og tidlegare har bachelor i friluftsliv og kroppsøving vorte splitta i ein bachelor i friluftsliv og ein idrett. Dette er også ei form for intern spissing. Kanskje.

Eit stadig tilbakevendende spørsmål i diskusjonen omkring studieportefølje er om vi har for mange svært små bachelorgrader. Eg er samd i at eit fagmiljø kan bli FOR lite. Men samtidig kan ein ikkje dra vidtgåande konklusjonar om kor lite eller stort eit fagmiljø eller ei studentgruppe faktisk er utan å undersøke terrenget. Mange av våre emne og grader er altså knoppskytingar ut frå etablerte miljø. Men om ein kallar det meirsal så er det kanskje lettare å forstå korleis ein del studietilbod har oppstått. Tilbyr ein frå før norsk eller engelsk i lærarutdanninga – i grunnutdanning og som vidareutdanning – så har ein fagmiljø på plass og det kan vere ein liten ekstrakostnad å tilby nettstudium eller andre tilbod som baserer seg på det same fagmiljøet og der det ikkje er noko problem å ta inn 5 eller 10 fleire studentar i eit klassrom.

Slikt mangsysleri har vi alltid drive med og krev antakelig ein annan type analyse enn registerdata for å kunne få overblikk over feltet og gjere vurderingar av kvalitet. Sjølv ønskjer eg meg nokre meir nærgåande casebeskrivelsar som syner kva som faktisk skjer i klasseroma – kva studentar som faktisk utgjer ei undervisningsgruppe.

Men vi skal heller ikkje stikke under stol at somme studentar nok sit i ei langt mindre studentgruppe og med mindre klassekjensle enn dei kanskje trudde då dei søkte seg til oss. Vi må ikkje love meir enn vi kan halde.

3 Kultur for kvalitet

Eit nokså konkret tiltak som spring ut av stortingsmeldinga Kultur for kvalitet er at universitet- og høgskulane skal inngå utviklingsavtalar med departementet. Vi har kome ganske langt i eigne samtalar og med Kunnskapsdepartementet i å lande utviklingsavtale for dei neste tre-fire åra. Nye tema vil ikkje kunne kome inn i avtalen no. Så også er det slik at vedtaka vi gjer no vil få verknad i fleire år framover.

Dei fire tema kan vere verdt å repetere:

  • Å lukkast med den nye grunnskulærarutdanninga
  • Å beholde statusen som ein stad med framifrå praktiske medieutdanningar
  • Å utvikle dugleikar – ferdigheter for framtida – på vår måte
  • Å rekruttere og bygge toppkompetanse

Eit anna konkret tiltak som spring ut av Kultur for kvalitet er at vi skal ta grep om pedagogisk basiskompetanse og meritering av undervisning.

Ei arbeidsgruppe som er leia av dekan Odd Ragnar Hunnes ved Avdeling for samfunnsfag og historie har i november 2018 klart eit utkast til korleis HVO skal handtere desse spørsmåla – kva krav vi skal stille til oss sjølve. Dette vil bli sendt på høyring på HVO.

4 Strukturdebatten: Institusjonslandskapet frå HVO-perspektiv

Universitets- og høgskulesektoren har dei siste fire vore gjennom ein omfattande såkalla strukturprosess der dei statlege universitets- og høgskuleinstitusjonane har vorte redusert frå litt over 30 til litt over 20 institusjonar. Og vi har førebels fått to nye universitet: OsloMet og Universitetet i SørØstNorge. Innlandet og Vestlandet siktar mot å bli dei neste.

Det skal bli interessant å studere strukturprosessen i ettertid, i det som blir kalla for historisk avstand. For strukturprosessen var ikkje eksplisitt omtalt i den førre regjeringas politiske grunnlag frå 2013. Der var det først og fremst uttrykt skepsis til fleire universitet, og regjeringa ville blant anna:

«Fryse strukturen i høyere utdanning inntil effekten av nye universitetsopprettelser er evaluert, og sikre at vi får en struktur som gir miljøer med sterke fagprofiler.» (Regjeringserklæringa frå 2013)

Heile Regjeringserklæringa frå 2013.

Men tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og Bjørn Haugstad gjorde det i si tid departementet det nokså raskt til gjeldande politikk å få institusjonane til å slå seg saman for å få færre og større institusjonar. Det har dei lukkast med. Om føremålet med reformen vil gje resultat vil vise seg: Om dei nye institusjonane blir betre for landet også på lang sikt.

Johann Roppen: – Politikken vert til undervegs (kommentar i Forskarforum, 10. oktober 2016).

Før Isaksen og Haugstad gav seg i departementet erklærte dei at strukturreformen var over, og at det institusjonslandskapet vi har no må vi leve med.

Bjørn Haugstad i avskilsintervju i Khrono, 4. mars 2018.

No har vi ei ny regjering og ein ny kunnskapsminister. Det er eit nokså sterkt signal å sende å kutte over hundre millionar i midlane som var sett av til å dekke ein del av ekstrakostnadene med strukturreformen. Frå 125 millionar kroner til ca 15 millionar kroner. Strukturreformen er ikkje høgt prioritert i 2019-budsjettet.

«Liten drahjelp på vegen mot universitetsstatus», skreiv Khrono (12. oktober 2018)

Men Isaksen og Haugstads avskjedsord til sektoren – eller i alle fall til Høgskulen i Volda – var at institusjonane som vel å halde fram som sjølvstendige står framfor tøffe val og prioriteringar.

Eg trur nok at dei samanslåtte institusjonane vil merke det i endå større grad. Eg trur diverre vi ser konturene av ei framtid i sektoren som er lik det vi ser på helseføretaka. Politikarane trekker seg tilbake og overlater styring av institusjonane i sektoren til dei einskilde styra.

Om små studiestader skal halde fram eller ikkje blir avgjort av styra – ikkje av departement eller Stortinget. Korleis ein skal prioritere mellom fleire parallelle utdanningar blir bestemt av eit felles høgskulestyre for ein stor region – ikkje av departement eller av lokale politikarar. Då spelar det mindre rolle om det heiter foretaksmodell eller noko anna.

Høgskulen i Volda er framleis ein regional institusjon i eit fylke som også har fått aksept for å halde fram som sjølvstendig eining – kan det sjå ut til. Det gir oss nokre mulegheiter som vi må ta godt vare på. Om fylket får ansvar for å fordele meir forskingsmidlar og vi skulle klare å få Statped til å flytte frå Trondheim til Søre Sunnmøre så vil det kunne gje auka vitalitet og større tilgrensande fagmiljø for Høgskulen i Volda. Regionreformen veit ingen korleis den vil fungere i praksis – den får nok også meir problematiske sider.

Men i dette bildet er dei attverande små statlege høgskulane interessante fordi vi byr på eit alternativ: Østfold, Volda og Molde er i alle fall pr i dag ikkje på veg inn fusjonsforhandlingar eller i ferd med å bli tvangsnedlagt eller sett under administrasjon.

Studentar ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Østfold (2014-2018). Kjelde: DBH

 

Når evalueringa av strukturreformen skal gjennomførast – kanskje av NIFU – så er det verdifullt å ha alternative institusjonar å samanlikne med.

Eventuelle samarbeidende institusjonar

NIFU er i sin rapport veldig vage på kven dei meiner vi bør utforske samarbeid med. Det er det ingen grunn til. Det er som sagt nokså få institusjonar igjen å velge mellom, så vi kan berre seie kven det er og ikkje ta ein Harry Potter: «He whose namn should not be spoken».

Det er i grunnen berre ein regional institusjon å velgje mellom: Men heile tre med nasjonalt perspektiv.

  • Den lokale er Molde.
  • Dei tre nasjonale er Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og NTNU.

Det kan vere lurt å ta ein liten titt på kven dei er – og ikkje minst kva status dei har i fusjonssamanheng.

Tal bacehlorgrader på ulike utdanningsområde for utvalde UH-institusjonar.

PPT av same bildet

Regional orientering:

Høgskolen i Molde (Ca 2.500 studentar). Vi samarbeider med Molde om ph.d. i helse- og sosial. Vi har lite samarbeid på andre område og få parallelle fagområde. Det næraste er vel fag inn mot organisasjon og leiing.

Molde er ikkje med i UH Nett Vest. Vi er begge deleigar i Mørforsking AS, vi samarbeider om vidareutdanning på Leiing i helse- og sosialsektoren (LIHS), vi har felles utval for god forskningsskikk (Redelighetsutval) og om Fjordkonferansen. Og på andre område.

Høgskulen i Molde kan seiast å ha ein uavklara fusjonsstatus. Høgskulen arbeider med ein samarbeidsavtale med NTNU ut frå tanken at samarbeid skal vekse fram nedanfrå. Det minner litt om tanken bak samarbeidsavtalen mellom Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen.

Høgskolen i Molde har valgt rektor og Steinar Kristoffersen vart valt då Hallgeir Gammelsæter trekte seg, blant anna på grunn av fusjonsspørsmålet. Spørsmålet om tilsett eller valt rektor ved Høgskolen i Molde var oppe i høgskulestyret i oktober  2018 og resultatet vart fleirtal for å halde fram med valt rektor.

Nasjonal orientering: 

Universitetet i Bergen (Ca 18.000 studentar): UiB har klart høgare kompetanse enn Høgskulen i Volda. Vi har godt kjennskap til kvarandre gjennom UH Nett Vest. Som eit stort breiddeuniversitet har UiB høg kompetanse på dei fleste av våre fagområde, men eit viktig område der vi ikkje driv med det same er  grunnutdanning/ bachelorutdanningar innanfor barnehagelærar, grunnskulelærarutdanning, sosionom og barnevern. UiB har mastergrader som er lett å sjå som faglege overbygningar.  Det same ser ein for ein del av kulturfaga (Grieg). Derimot har UiB fleire bachelorutdanningar innanfor mediefag – og naturlegvis også master- og phd-utdanning. Så her har vi faglege parallellar – men antakelig også konkurranse om studentane.

Rektor Dag Rune Olsen er valt og er eitt år inne i sin andre rektorperiode, så her er det kontinuitet. Det var også Olsen som vi snakka med då vi fekk på plass samarbeidsavtalen med UiB.

Høgskulen på Vestlandet (Ca 16.000 studentar). HVL har dei siste åra fått litt høgare kompetanse enn Høgskulen i Volda, på overordna nivå. Vi har godt kjennskap til kvarandre gjennom UH Nett Vest. Fagleg sett er det godt samanfall på lærarutdanning, sosialfag og kulturfag. På mediefaga er det få parallelle fag – men heller ikkje konkurranse. Fusjonen mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund er inne i året der den reint organisatorisk skal bli fullført. HVL trenge fleire doktorgrader for å bli universitet.

Rektor Berit Rokne er tilsett og er midt i sin første periode. Ho har tidlegare vore styremedlem ved Høgskulen i Molde.

NTNU (CA 41.000 studentar, ca 2.500 i Møre og Romsdal – Ålesund): NTNU har klart høgare kompetanse enn HVO. Vi har lite fagleg samarbeid anna enn på personnivå. Sidan NTNU er eit stort breiddeunivdersitet så finn vi samanfall med HVO på dei fleste fagområde, også på  mediefag. NTNU fusjonerte med Ålesund og Gjøvik hovudsakleg ut frå den teknologiske porteføljen av utdanningar og prosjekt ved dei to mindre høgskulane. Det var altså ein fagleg basert fusjonsstrategi og i mindre grad handla det om geografi. Når Høgskolen i Molde har hatt samtalar med NTNU så har det også vorte formidla at for NTNU er det viktig å vite at høgskulen står samla bak ein eventuell førespurnad.

Fusjonane har vorte gjennomført i rektor Gunnar Bovims første rektorperiode. Han er no inne i sin andre periode. Bovim er tilsett rektor.

Volda som studiestad

Så kvar er vi? Vi er i Volda. Og her skal vi framleis vere, same kva skilt som står på veggen. Og det er vel eit perspektiv som kanskje kunne vore mykje meir vektlagt i fusjonsdiskusjonane. Kva for studiestader skal vi ha i Noreg i framtida?

Det er i den samanhengen verd å minnast at 20. juni i 1969 så vedtok Stortinget å starte prøvedrift med distriktshøgskular – blant anna i Møre og Romsdal. Volda var ikkje nemnt i vedtaket – det var Molde – men i debatten var det heilt underforstått at det skulle kome DH-skule i Volda. Og det kom. Vi skal feire 50 års jubileum 20.juni 2019. DH-skulen trengdest i Møre og Romsdal – og alle dei andre stadiene i landet fordi politikarane såg at utdanningsnivået var klart lågare fylke som Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane enn i sentrale strøk, og særleg Oslo. Og kompetansekrava til framtidige arbeidstakarar blir stadig høgare – både dei som tek grunnutdanning og dei som tek vidareutdanning. Så både for å utvikle regionane – og dermed heile landet – vart det etablert eit heilt nytt skuleslag.

Er vi der i dag at vi kan seie at dette samfunnsoppdraget er oppfylt? Nei tvert i mot. Stadig vekk er utdanningsnivået i det sentrale austlandsområdet klart høgare enn i resten av landet – stadig vekk er det flest høgskular og studentar i Oslo. Så eg trur det i mange år framover er kritisk å beholde flest muleg stader med høgare utdanning. Både i Volda og andre plassar.

Strategiske spor – vidareføring

NIFU-rapporten har som sagt basert seg på registerdata – med dei styrker og utfordringar som det gjev.

Men strategiplanar er ein annan type data som ikkje så lett lar seg kvantifisere – og det manglar i NIFU-rapporten. Eg snakkar her om tidlegare strategiplanar og vurderingar. Men vi burde antakelig gjeve eit anna oppdrag til NIFU for å dekke slike spørsmål. Og det er vel også difor vi har styreseminar og diskuterer rapporten på styremøte og i fagmiljøa. Data må tolkast og settast i ein samanheng.

Kva betyr dette i praksis? Jo, vi har fått eit nokså nøyaktig bilde av dagens situasjon, så NIFU har antakelig veldig rett i kvar vi er akkurat no. Men NIFU-data fortel ikkje korleis vi har kome hit. Eller kvar vi er på veg. Så det må vi finne ut sjølve.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar