Trippelmarkering på sommaravslutninga 20. juni 2019

Mykje HVO-historie samla på seminar om HVO-historie. Frå venstre Harald Tafjord, Anne Øie, Arne Myklebust, Ketil Jarl Halse, Jan Driveklepp, Odd Ragnar Hunnes, Kåre Heggen og Jon Tvinnereim.

Historisk institutt arrangerte torsdag 6. september ope seminar om historieskriving for UH-institusjonar generelt, og HVO spesielt.

Program for seminaret.

På seminaret argumenterte Oddbjørn Melle for at ein viktig dato for Høgskulen i Volda er 20. juni 1969. Då vedtok Stortinget å opprette dei første DH-institusjonane som ei prøveordning, så det er antakelig det næraste vi kjem ein fødselsdato for DH-skulen i Volda.

Vedtaket aleine kan vere litt forvirrande – det står slik:

Stortingsvedtaket om oppretting av prøveordning med distriktshøgskular, 20. juni 1969

… men her står jo ingenting om nokon DH-skule i Volda. Berre Molde er omtala. Men av debatten i Stortinget går det klart fram at det var føresett at det skulle starte prøvedrift med DH-skule også i Volda.

Les debatten over meir enn 30 sider i Stortingstidende.

Høgskolen i Molde arbeider også med planar om ei jubileumsmarkering i 2019.

I 2019 er det også 25 år sidan samanslåinga av DH-skulen og Volda Lærarhøgskule i 1994.

Høgskulesamanslåing i Volda i 1994: Sverre Måseidvåg, Gudmund Hernes og Ketil Jarl Halse

Og så vil truleg og vonleg dei første spadetaka på Sivert – nybygget for mediefaga – bli teke rundt sommarferietida 2019.

Kollasj av dei fire framlegga til Sivert (nytt mediehus).

Så oppsummeringsvis:

  • 50-års jubileum for oppretting av DH-skulen i Volda
  • 25-års markering av samanslåinga av Volda lærarskule og DH-skulen i Volda
  • Byggjestart på Sivert Aarflot-huset («Mediehuset»)
Biblioteket her representert ved Elin Gundersen hadde utstilling av HVO-historiske arbeid i samband med seminaret.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar