Statsbudsjettet 2019 – Langtidsplanen 2019-2028

Iselin Nybø og Venstres første stortingsmelding: Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Kunnskapsminister Iselin Nybø slo to fluger i ein smekk då ho 8.oktober både var med på å leggje fram regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2019 og regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning for åra 2019-2028.

For statsbudsjettet har det kome mest høfleg klapping frå sektoren, medan langtidsplanen vekte meir åtgaum. Ein viktig skilnad på dei to dokumenta var at statsbudsjettet i grunnen ikkje gjev særleg økonomisk auke til UH-sektoren, men langtidsplanen ser ut til å gje meir pengar i åra som kjem. Ja, ein del av av dei kjem faktisk i 2019-budsjettet.
For Høgskulen i Volda har leiinga ikkje klart å finne så mange positive signal i budsjettframlegget, om ein då ikkje skal rekne stabile kutt som eit teikn på ein føreåtseieleg politikk.

Statsbudsjettet for 2019 for Høgskulen i Volda (www.hivolda.no).

Eit tiltak som ikkje vart innført, men som mange i sektoren pustar letta ut over er at det ikkje har kome økonomiske insentiv til utviklingsavtalane som alle UH-institusjonar i desse dagar innfører.

Den førre regjeringa fekk gjennomføre ein langtidsplan med ei opptrapping til heile 500 nye stipendiatstillingar – så det er nok mange som har vent seg til å få ein del nye stillingar, men ikkje i år. Heller ikkje i Volda. Og det same gjaldt studieplassar. Ingen til Volda. Ingen til andre heller.

 

Så kan ein lure på om det er litt taktikk her – at det kan kome studieplassar og stipendiatstillingar gjennom budsjettforhandlingane. At regjeringa har holdt litt igjen for å ha noko å forhandle om i Stortinget, til dømes med Kristeleg folkeparti.
Kanskje vankar det studieplassar og stipendiatstillingar til somme høgskular, no i desse tider då Kristeleg Folkeparti tel på regjeringsknappar. Det jo ingen som veit om regjeringa får sitje – og det er opp til Kristeleg Folkeparti. Skulle det skje noko så dramatisk som eit regjeringsskifte så er det ingen som veit korleis det vil påverke budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Paradoksalt nok kan eit mulig regjeringsskifte føre til mindre KrF-politikk!

Så får vi i Volda heller glede oss over at det kom ei løyving på 2 millionar kroner til ordboksarbeidet som Universitetet i Bergen driv i partnarskap med Høgskulen i Volda – vi får tru det er starten på ei opptrapping. Denne regjeringa er tydeleg på at språk skal prioriterast.

Feira ordbok-millionar med kakelunsj (PåHøyden).

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning vart først lagt fram i 2014, og no er det på tide å justere den – det skal skje kvart 4. år. Justeringa skjer i form av ei stortingsmelding som også vart lagt fram måndag 8.10., og dette var faktisk Venstres første stortingsmelding under denne regjeringa.

Langtidsplan for forskning og høyre utdanning 2019-2028

Langtidsplanen kan sjå ut til å ha fleire viktige kursendringar i høve til førre plan. Enkelt sagt kan ein seie at planen skiftar meir i retning av miljø og media – humaniora og offentleg verksemd. Og dermed i retning av fagområde som er viktige for Høgskulen i Volda.
Tre av dei langsiktige prioriteringane i planen er helst teknologisk orienterte, men to prioriteringar er særleg interessante for Høgskulen i Volda, og ei av dei er ny i høve til den første planen:

  • Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester
  • Samfunnstryggleik og samkjensle i ei globalisert verd (ny langsiktig prioritering)

Det første punktet er relevant for mest alle utdanningar ved Høgskulen i Volda – sidan våre kandidatar i stor grad blir tilsette i offentleg sektor og vi også har fagmiljø som arbeider direkte inn mot planlegging og leiing.

Innhaldet i det andre punktet vart blant anna forklart med utfordringar knytt til religion, kulturmøte og migrasjon, digitale- og sosiale media i høve til demokrati (stikkord: Fake news), allmenndanning og kunnskapsdanning i eit samfunn der også vitskapleg forsking blir sett i miskreditt.

Ein kan kanskje også seie at sentrale sider ved medievitskap og mediefag brått har vorte sentrale: Kjeldekritikk på Internett, kunnskap om medieproduksjon og bruk – og ikkje minst korleis digitale media utfordrar både etablerte media og den etablerte samfunnsorden.

Var det nokon som ville byggje eit mediehus for å gje endå betre utdanningar og fagmiljø for å møte slike utfordringar?

Kollasj av dei fire framlegga til Sivert (nytt mediehus).

Tversgåande tema for alle dei fem hovudsatsingsområda er grønt skifte, digitalisering og humaniora. Og igjen ser vi at fagområde hos oss blir viktige i langtidsplanen. Innanfor ei vid forståing av humaniora vil også til dømes etikk vere eit viktig fagområde for å møte framtidas utfordringar.

Sjå også PåHøydens omtale av satsinga på humaniora.

 

Så kan ein spørje om kva som blir resultatet av desse planane?
Langtidsplanen og Kunnskapsdepartementet skal samordne forskingsinnsatsen på tvers av fleire departement. Ventelig vil ein stor del av midlane  kanaliserast gjennom Forskingsrådet. Både i departementa og i Forskingsrådet kan ein vente kampar og omkamper om korleis midlane skal budsjetterast og fordelast, år for år. Og så var det dette med eit mulig regjeringsskifte.

Det er vel ikkje så ofte at humaniora og til dømes mediefag har hatt  gjennomslag i dei overordna forskningspolitiske prioriteringane. Men no er det kanskje på tide. Når Kunnskapsministeren slår fast at det faktisk handlar om demokrati, sanning og tiltru til vitskap. Eller sagt på ein annan måte: Det handlar om tilliten til kvarandre som menneske og til kva som er sant og rett. Eller:

Om folk flest sluttar å tru på vitskapleg forsking, så er eit naturleg spørsmål: Kvifor skal vi bruke pengar på meir forsking?

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar