Orientering til Høgskulestyret, styremøtet 7. juni

*) Høgskulestyret ønskjer på kvart møte å få ei kort orientering frå rektor om viktige ting som har skjedd sidan førre styremøte, og ønskjer særleg å bli halden oppdatert om struktursaka, lærarutdanningane og nybygget (Sivert-prosjektet). Orienteringa nedanfor vart gitt på styremøtet 7. juni. 

Sakspapir til styremøtet 7. juni 2018.
Video frå styremøtet 7 juni 2018.

1) Lærarutdanningane
Ei internasjonal ekspertgruppe har gjeve råd til Kunnskapsdepartementet om korleis innføring av dei nye grunnskulelærarutdanningane bør følgjast opp og også kome med framlegg til justering av kursen.

Nokre av framlegga er desse:

  • Krav til kompetanse: 40 % førstekompetente og 10 % toppkompetente for heile fagmiljøet rundt studiet, og ikkje innan kvart einskild fagområde slik som no.
  • Praksis: Meir praksis i andre syklus, 30 ekstra dagar totalt
  • Rettleiing på masternivå: Kapasitetsbygging sidan det vert ei utfordring når alle studentane treng rettleiing på masteroppgåver.
  • Dekanar og programleiarar: Sette i gang rettleiar/mentor-ordning
  • Tilsyn og akkreditering: Dette vert mest truleg gjennomført i 2020. Det vert tilrådd at det blir endra til formativt tilsyn.

Dette er framlegg som våre fagmiljø i utgangspunktet er positive til.

2) Samordna opptak
Vi fekk som meldt i førre møte gode søkjartal i Samordna opptak. Avdelingane og studieprogramma følgjer opp søkjarane på ulikt vis ut frå vurderingar av søkjarane og erfaringar frå tidlegare år. Somme program tek direkte kontakt med førsteprioritertssøkjarar – andre gjer det ikkje.

3) Samarbeidet med Universitet i Bergen
Ved Høgskulen i Volda vart det 6. og 7. juni arrangert symposium – ekspertseminar – i skriftkultur. Det blir arrangert av forskingsgruppa i nynorsk skriftkultur som er leia av Stig Helset ved Høgskulen i Volda og Endre Brunstad som er professor II ved Høgskulen i Volda og professor i ved Universitetet i Bergen. Forskingsgruppa er også i ferd med å starte opp eit årsskrift for nynorsk skriftkultur og har inngått avtale om det med Cappelen Damm. Det har dei fått løyvingar til frå forskingsutvalet, frå leiinga og avdelinga bidreg også sjølv.

Høgskulen på Vestlandet har lagt fram ein ambisiøs språkstrategi der dei blant anna seier at dei har tenkt å bli nynorskhøgskulEN. Det er spennande tankar – men eg trur det er bra både for oss og for nynorsk språk at det er fleire som er opptekne av det i fag og forsking.

I dette bildet er det svært kjekt å kunne legge fram eit viktig og vektig bidrag frå Høgskulen i Volda: Professor Jan Inge Sørbø har på oppdrag frå Det norske samlaget skrive Nynorsk litteraturhistorie. Eit verk på nærare 700 sider og som omfattar 150 år med nynorsk litteratur.

Avtroppande studentrepresentantar i høgskulestyret: Marie Havnsund og Nikolai Hannevik Norlid. Styremedlemmene fekk utdelt Nynorsk Litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø på styremøtet.


4) Sivert-prosjektet (Mediehus 2020) og campusutvikling
Prosjektet er som kjent lagt ut på Doffin – databasen over offentlege anbud. Etter oppmodng frå aktuelle leverandørar vart fristen utsett med tre veker så det blir ikkje anbudsopning og semesteropning samtidig. Styret vil få presentasjon av innkomne tilbod på første styremøtet i haust.

Aktuelle leverandørar har hatt synfaring på høgskuleområdet og stilte med store delegasjonar – og hadde mange spørsmål. Vårt og Statsbyggs inntrykk av møtet var positivt. Dette vil bli eit godt prosjekt.

Høgskulen har halde fram med møterekkja med politikarar. Dekan på AMF Audhild G. Rotevatn har delteke på alle møta medan rektoratet, direktør og Volda kommune har delteke på nokre av møta. Vi har no hatt møte med Mørebenken, med Trine Skei Grande og med både opposisjon og regjeringspartias representantar i utdannings- og forskingskomiteen i tillegg til fleire einskildrepresentantar. Og arbeidet held fram. Vi føler at vi har fått god respons frå politikarane og er spente på kva som skjer vidare.

Det bør også nemnast at Volda kommune har godkjent reguleringsplan for voldatunnelen (tunnel mellom Volda og Ørsta) – og godkjent planane for bygging av idretttshallen Volda Campus Arena. Seinare i år vil det bli lagt fram planar for symjehall i det same området. Dette blir anlegg som vil bli utfordrande i byggeperioden, kreve gode parkeringsløysingar men i andre enden heilt. sikkert vil gjere høgskulen i Volda meir attraktiv og føre til auke aktivitet på høgskuleområdet.

Til hausten vil leiinga som tidlegare meldt starte ein ny runde med campusutvikling for å få eit heilskapleg grep om utfordringane og mulegheitene ved desse prosjekta.

5) Styreseminar 22.-23. oktober 2018
Seminaret vil bli halde på hotell Ivar Aasen i Ørsta.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar