Opningshelsing på symposium for skriftkultur, 6. juni 2018

 

 

Kjære alle skriftlærde!

 

Det er ei stor glede for meg som rektor ved Høgskulen i Volda å få lov til å ønskje dykk velkomne til symposium om forsking på skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Først og fremst vil eg takke forskingsgruppa for nynorsk skriftkultur for at de har fått i stand dette symposiet – denne ekspertkonferansen. Både av innhald og deltakarar ser eg at det har vorte gjort ein god jobb, med anerkjente fagfolk som innleiarar og med interessante titlar. Det er godt gjort av den nokså nystarta forskingsgruppa i nynorsk skriftkultur å få til dette.

Som de sikkert kjenner til er forskingsgruppa for nynorsk skriftkultur også sterkt involvert i arbeidet med å etablere skriftserien «Nynorsk skriftkultur», så her blir det arbeidd godt på fleire frontar, i fleire kanalar. Og det har vore rett og naturleg at fagmiljøet har fått økonomisk støtte til arbeidet frå fellesnivået på Høgskulen i Volda.

Det høyrer med til min jobb som rektor å sjå til at Høgskulen i Voldas strategiplan faktisk får eit liv utanfor seg sjølv – at den blir sett ut i livet.

Strategiplanar handlar mykje om å sjå framover – men ein må også vite kvar ein kjem frå.

I vår strategiplan under overskrifta «Identitet og verdiar» står følgjande:

«Høgskulen i Volda ber vidare den historiske folkeopplysingstradisjonen etter Ivar Aasen, Sivert Aarflot, Hans Strøm og andre pionerar frå regionen. Høgskulen skal vere inkluderande og relevant, og vere ei kunnskapsbasert og kritisk røyst i samfunns- og utdanningsdebatten. Høgskulen skal ha høg kvalitet i undervisning, forsking, formidling og forvalting. Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av identiteten vår.»

I følgje Språkrådet er faktisk Høgskulen i Volda den einaste høgskulen eller universitetet i landet som har omtala språk i strategiplanen. Det er vi litt stolte av. Men så er det også heilt naturleg. For oss.

Det er ikkje nytt av året at folkeopplysning og nynorsk vert løfta. Heilt sidan Høgskulen i Volda tok til med å lage strategiplanar så har nynorsk språk vore omtalt i våre mest overordna planar.
Kva så med kvardagen? Nynorsk kjem også igjen som ei hovudsatsing i strategiplanen i åra framover:
«Høgskulen i Volda skal – i samarbeid med mellom andre Universitetet i Bergen, Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa – ta eit særleg ansvar for forsking på nynorsk språk og litteratur og sikre nynorsk som fagspråk».
Til mi store glede så har også Høgskulen på Vestlandet nett lagt fram ein plan for korleis dei skal leve opp til ambisjonar om å halde fram som ein viktig institusjon for nynorsk. Dei har faktisk ambisjonar om å bli «Nynorskhøgskulen». Eg har tidlegare ønska den nye høgskulen velkomen inn i nynorskklassa. Den tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde ein pult ståande der frå før. Så det er godt om plass i nynorskklassa. Men med Vestlandshøgskulens universitetsambisjonar så reknar eg med at om få år så er det nynorskuniversitetet som er HVLs språkleg-strategiske ambisjon.
Det er i grunnen stas om det blir konkurranse om å vere best på språk – og særleg nynorsk.
Høgskulen i Volda vert på mange måtar forbunde med ein skriftspråkleg lærdomstradisjon. Våre faglege forfedre som Hans Strøm, Sivert Aarflot, Berte Kanutte Aarflot, Ivar Aasen og Erling Kristvik levde både i og vidare gjennom sine skrifter. Fleire av desse finn de også som namn på hus på Høgskulen i Volda. Dette seminaret blir halde i Berte Kanutte husets vesle auditorium.
Fromme, haugianske Berte Kanutte har elles eit anneks som er kalla opp etter frilynde, grundtvigianske Synnøve Riste. Så vi har ein viss balanse i 1800-talets åndsliv og skriftkultur.
Nett no arbeider vi med eit nytt hus – eit nybygg som skal hyse medieutdanningane våre. Men i dette huset vil det også vere koplingar til og arenaer for tverrfagleg samarbeid med alle dei andre utdanningane våre – ikkje minst lærarutdanning. Vi snakkar då blant anna om digital kompetanse i læring – altså om innhald og formidlingsmåtar i skulen.
Dette huset – dette prosjektet – har arbeidsnamnet Sivert Aarflot-huset. Sivert var elles far til Berte Kanutte Aarflot – så dette huset bør både bli ein arena for framtidas digitale skrift-, tale- og bildekultur – men også med ei solid forankring i tradisjonen.
Utan arbeidet til Sivert Aarflot hadde vi nok ikkje stått her i dag. Då hadde det ikkje vore nokon høgskule i Volda, eller ei medieutdanning i Volda. Så eg meiner det er svært passande at det nye huset får namn etter grunderen, avismannen og publisisten Sivert Aarflot.
Det har etterkvart vorte vel dokumentert og akseptert at regionen Sunnmøre har ein skriftspråkleg tradisjon som går langt tilbake i tid og ikkje berre handlar om dei framståande diktarane og institusjonsbyggjarane. Det var ikkje berre i preste- eller futegarden at folk las og skreiv. Dette har Jostein Fet dokumentert gjennom boktitlar som «Lesande bønder» og «Skrivande bønder». Tale og skrift hang saman i kvardagslivet i bygdene som Jostein Fet studerte. Eg trur neppe dette arbeidet og desse kunnskapane hadde kome for dagen om ikkje Jostein Fet hadde hatt sin arbeidsdag på høgskulane i Volda. Hadde han arbeidd ein annan plass hadde det vore andre spørsmål som hadde forma hans forskarkarriere. Og det kan godt hende at kjeldene som Fet fann fram rett og slett hadde blitt borte og gløymt. Så heiter då også eitt av dei nyaste arbeida til Fet: «Den gløymde litteraturen».
I fjor vart Jostein Fet utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen – i same vende som nobelprisvinnarane Moser må vite. Det er langt fleire enn prisvinnaren som er glade og stolte over denne heideren – det var slett ikkje sjølvsagt at det ville bli slik.
Kollega Jan Inge Sørbø no nett har kome ut med boka Nynorsk litteraturhistorie gjennom 150 år, så kan vi kanskje seie at det er eit vektig prov og tydleg teikn – på 679 sider – for at Høgskulen i Volda held ved like ein skriftspråkleg tradisjon som somme tider kan verke som eit fokus for viktige sider ved norsk skriftliv – eller i alle fall nynorsk skriftkultur.
Eg vil avslutte denne velkomsthelsinga med å invitere dykk til eit nytt seminar som nett har vorte tidfesta. Det skal haldast på Høgskulen i Volda 6. september 2018, og temaet for seminaret er høgskulens historie.
I åra 2019-2022 har vi klart å finne fram minst fem jubileumsverdige årstal – men det er kanskje 2020 som er det beste året:
  • 2019 – 25 år sidan Høgskulen i Volda blei til gjennom fusjonen mellom DH-skulen og Volda Lærarhøgskule (1994)
  • 2020 – 125 år sidan Volda lærarskule vart starta (1895)
  • 2020 – 50 år sidan Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda vart starta (1970)
  • 2021 – 50 år sidan Ivar Aasen-huset vart opna (1971)
  • 2022 – 100 år sidan Kaarstad-huset vart opna (1922)
Så eg vil ønskje særleg tilreisande velkomne til Volda. Lukke til med to dagar i skriftkulturens teikn. Og velkome til seminar 6. september!
Nettside med program for symposiet:

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar