Samordna opptak 2018: Gode tal for Høgskulen i Volda

Gode søkjartal for Høgskulen i Volda i 2018.

Tala for samordna opptak til høgare utdanning for studieåret 2018-2019 er klare. Og dei framtidige studentane kjem med klar tale: Stadig fleire ønskjer å studere ved Høgskulen i Volda. Knapt 8 prosent fleire studentar enn i fjor har eit studium ved Høgskulen i Volda som sitt førsteval.

Vi hadde ein auke på over 8 prosent også i fjor. Så no har vi hatt to år med sterk auke i søkartala og alle tilsette og studentar verd høgskulen kan vere godt nøgde med det. Vi hadde ikkje fått denne auken om ikkje noverande studentar fortalde om sin studiekvardag til framtidige studentar. Tala for Høgskulen i Volda ligg klart over landsgjennomsnittet og bryt med forventingane hos dei som har meint at høgskular må slå seg saman og bli størst muleg for å bli attraktive for framtidige studentar.

Vi har enno ikkje fått gått grundig inn på alle detaljar, men på våre nettsider www.hivolda.no er det presentert meir detaljerte tal for einskildstudium.

For eigen del vil eg seie at dei gode tala frå Samordna opptak kan tolkast som at:

  • Høgskulen i Volda står sterkt som sjølvstendig høgskule og viser godt igjen i det nye høgskulelandskapet som er prega av store institusjonar med mange studiestader –
  • Vi er ein spissa og profilert høgskule med ein tydeleg fagleg profil. Difor er det særleg gledeleg med sterk auke i søkjartala både på lærarutdanningane og mediefaga. Vi kan nok her takke regjeringa for god drahjelp – det er ingen som bør vere i tvil om at lærarutdanning er er prioritert høgt – også når det gjeld rekruttering.
  • Vi har lukkast godt med marknadsføringa vår der vi blant anna har fortalt om våre studium gjennom originalt innhald som har vorte spreidd på sosiale media.
  • Vi har fortsatt svært mange søkjarar på sosialfaga – sosionom og barnevern – etter fleire år med sterk vekst.

Sjå korleis vi profilerer oss på våre Facebooksider https://www.facebook.com/hivolda:

Dei siste åra har rundt halvparten av våre studentar fått sin studieplass gjennom den statlege tenesta Samordna opptak. Det gjeld blant anna alle bachelorutdanningane og dei femårige grunnskulelærarudanningane. Men i tillegg har vi opptak på ei rekkje studium gjennom vårt lokale opptak, og det gjeld blant anna dei fleste masterutdannningane og mange vidareutdanningar.

Lokalopptak ved Høgskulen i Volda.

Så med så høge tal for samordna opptak må vi vere budde på at ein auke også på lokalopptaket. Blir det ny rekord? Og er det eigentleg bra?

Hausten 2017 hadde vi godt over 4.000 studentar ved Høgskulen i Volda – og det var ny studentrekord for oss. Eg trur det er sannsynleg at vi hausten 2018 set endå ein ny studentrekord, altså endå fleire studentar enn i 2017. Vi ønskjer å tilby studieplass til flest muleg kvalifiserte søkjarar – blant anna fordi i vår region er det færre med høgare utdanning enn i dei fleste andre område i landet. Her har vi ei viktig samfunnsoppgåve. Men på den andre sida har vi svakare finansiering enn dei fleste andre høgskular og det er ein risiko for at vi får svakare studiekvalitet om vi tek inn for mange studentar.

Det er ikkje eit strategisk mål for Høgskulen i Volda å sette nye rekordar i tal studentar. Tvert i mot er det eit mål for høgskulen å få færre studentar pr lærar. Det kan vi naturlegvis oppnå på mange måtar.

Men akkurat i dag med sterke søkjartal skal vi berre vere glade over at vi er ein attaktiv høgskule og gjere vårt beste for å leve opp til forventningane dei nye studentane har til oss – og vi bør ha til oss sjølve.

Eg vil difor nytte høvet til å gratulere tilsette, studentar og våre framtidige studentar med dei positive tala frå Samordna opptak. Vi må no gjere noko rett når så mange har lyst til å studere i studiebygda Volda.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar