Dobbelt gjennomslag: Ca 24 mill i prosjektmidlar til IKT i grunnskulen

Med få dagars mellomrom tikka det inn melding om at Høgskulen i Volda hadde vunne fram med prosjektsøknader på området IKT i grunnskulen.

Siv Måseidvåg Gamlem (t.v.) og Wenke Mork Rogne.

Først kom meldinga om at prosjektet DigiHand hadde fått ca 10 mill i forskingsmidlar frå Norges Forskingsråd gjennom FINNUT-programmet. Forskingsprosjektet er leia av Wenke Mork Rogne og med Siv Måseidvåg Gamlem som forskingsleiar på prosjektet. Les meir om prosjektet.

Få dagar etter kom meldinga om at «Digitaliseringsprosjektet» hadde fått 14 millionar frå Norgesuniversitetet til digitalisering av grunnskulelærarutdanning. Her er Synnøve H. Amdam prosjektleiar. Les meir på våre nettsider.

Oddvar Aalde og Synnøve H. Amdam

Les også om tildelinga i nettavisa Khrono.

Ved sidan av Volda var det berre NTNU og Høgskolen i Sørøstnorge (HSN) som fekk tilslag på begge desse programma.

Det er svært kjekt at høgskulen har vunne fram i konkurransen om desse prosjektmidlane fordi dei handlar om sentrale utfordringar for skulen og dermed for lærarutdanningane. Det er unge, dyktige forskarar som står som prosjektleiarar og i prosjektsøknadene har dei drege nytte av både eigne og andres forskingsprosjekt ved Høgskulen i Volda – blant anna ph.d.-prosjekt. Vidare har prosjekta sterke koplingar til praksisfeltet – blant anna Ulstein kommune og Volda kommune – og det er med på å auke relevans og truverde: Prosjekta bringer skulen inn som ein aktør som ein forskar i lag med – ikkje berre forskar på. Det er også viktig å hugse på at den store akkrediteringsprosessen vi har vore gjennom av grunnskulelærarutdanningane (GLU) har ført til auke medvit om kva vi er gode på og kva vi ønskjer å bli betre på. Og det har gjeve eit tydeleg fagleg fundament for søknadene.

Det er ikkje første gongen desse miljøa har søkt om midlar, og det har blitt både tilslag og avslag tidlegare. Men det bør vere oppmuntrande for alle på Høgskulen i Volda å sjå at eit avslag i første omgang kan bety at ein kjem fram med ein endå betre søknad og eit betre prosjekt i andre omgang.

For Høgskulen i Volda så har vi hatt nokre år med for låge ekstern forskingsinntekter, men med desse to prosjekta vi no har fått får vi håpe at dette er i ferd med å snu. Forskingsutvalet har nett vedteke korleis vi skal arbeide med forskingsgrupper, og vonleg kan det også styrke arbeidet med prosjekt i åra som kjem.

Alle avdelingane ved Høgskulen i Volda har i større og mindre grad vorte eller blir involvert i gjennomføringa av prosjekta, og eg vil ønskje alle involverte lukke til med arbeidet – og framfor alt prosjektleiarane.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar