Rekordstor barnehagekonferanse – opningshelsing

Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes – HVOs medlemmer av arrangementsgruppa for barnehagekonferansen 2017.

Opningshelsing på Barnehagekonferansen 2017, Ålesund 26.-27. oktober.

Høgskulen i Volda er medarrangør av Barnehagekonferansen 2017 og vi er glade og stolte over det Barnehagekonferansen har blitt. Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal blir arrangert av:

  • Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Høgskulen i Volda.

Dei tre samarbeidspartane samordnar seg i ei arbeidsgruppe og medlemmene er:

Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:  Maren Ørjasæter Aaland og Bodil Grindvik Uri.
Frå Utdanningsforbundet Møre og Romsdal: Hilde Holmeide Aandahl og Julie Gunnstensen.
Frå Høgskulen i Volda: Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes.

For første gong har også høgskulestyret ved Høgskulen i Volda møtt opp på barnehagekonferansen for å få eit innblikk i viktig fagleg aktivitet som høgskulen er involvert i. Styret har styremøte og styreseminar i Ålesund i dag og i morgon og der deltek både høgskulestyret, leiarar ved Høgskulen og tillitsvalde ved Høgskulen.

På vegne av styret vil eg seie at vi er imponert over konferansen og det faglege innhaldet, og vi ønskjer dykk lukke til med konferansen.

Det er 15. året at Høgskulen, Fylkesmannen og Utdaningsforbundet arrangerer barnehagekonferansen. Det heile starta i Ålesund i 2003 med ein fagleg konferanse som ei jubileumsmarkering av 30 år med føreskulelærarutdanninga i Volda.

Konferansen vart så vellukka at partane bestemte seg for å gjenta suksessen, og dette har vorte eit årvisst – og stadig større arrangement. Etter nokre år i Ålesund vart konferansen i fleire år arrangert i Molde, men sidan 2011 har konferansen igjen vorte arrangert i Ålesund.

Dette er utan tvil det største arrangementet som Høgskulen i Volda er involvert i. Konferansen stangar i taket når det gjeld konferansekapasitet her i Parken i Ålesund, så dette er også ein av dei største konferansane i Møre og Romsdal. Og faktisk er dette også ein av dei største barnehagekonferansar i heile landet.

Kor stor er konferansen?

Ved starten for femten år sidan var det ca 150 deltakarar på konferansen. Og over tid har konferansen vorte større og større. Årets konferanse er den største nokon gong. De er 100 fleire enn i fjor – og konferansen tel heile 550 deltakarar.

Alle som er her i dag skal ta litt av æra – og ansvaret – for at dette blir ein god konferanse. Arrangørane har laga gode konferansar tidlegare. De som deltek ser verdien av å møtast og er nyfikne på ny kunnskap og nye perspektiv i kvardagen. Og føredragshaldarane og innleiarane har interessante ting å kome med – og har lyst å kome hit. Dette blir ei god blanding.

Og så kan ein lure på kvifor ein forskingsinsitusjon som Høgskulen i Volda skal engasjere seg i å arrangere ein konferanse. Skulle vi ikkje avgrensa oss til å drive med undervisninga våre og bruke all tid på studentane våre? Og til å møte andre forskarar på små seminar og diskutere fag. På engelsk?

Eg trur både utdanning og forsking blir betre av at dei som arbeider med barnehagelærarutdanning – som lærarar og forskarar – faktisk møter dei som arbeider i og med barnehagar. Og omvendt.

For dei som driv forsking og utdanning på barnehagefeltet er det kritisk med møteplassar der dei møter andre interessentar på barnehagefeltet: Den einskilde barnehage, barnehageigarane, staten ved fylkesmannen, og arbeidstakarorganisasjonane. Men for at slike møte skal bli fruktbare må vi gjere ting i lag – vi må ha felles prosjekt. Og det er barnehagekonferansen eit svært godt døme på. Gjennom samarbeid med barnehagekonferansen har det utvikla seg gode samarbeid også på andre område.

Eit anna stort samarbeidsprosjekt er prosjektet «Leikande vennskap» der Høgskulen i Volda i samarbeid med barnehagane i Ålesund kommune har hatt eit kjempearrangement i Sparebanken Møre Arena, faktisk i går. Silje Ims Lied som er Høgskulen i Voldas nøkkelperson i dette prosjektet og vi har tidlegare køyrt det same prosjektet i Romsdal.

Det er ikkje sjølvsagt at det faktisk er slik at akademia og arbeidsliv samarbeider så tett og godt som her. Det er ikkje sjølvsagt, korkje på barnehagefeltet eller i andre profesjonsutdanningar. Forskarar kan lett isolere seg i kunnskapens elfenbeinstårn, upåverka av kvardagens utfordrande realitetar.

Og like ille er det om profesjonsutøvarane ignorerer forsking og fagleg utvikling og ignorerer nye impulsar. Det er det motsette av utvikling. Så eg ønskjer meg forsking og utvikling som er tett på det som skjer i kvardagen i barnehagen – men håper også at dei som arbeider med barnehagefeltet er mottakeleg for ny kunnskap. Og dette krev møteplassar, dette krev gode arenaer, dette krev tillit og interesse. Og det skal vi få til her i lag.

Eg er også glad for at staten er tett på – både som premissleverandør gjennom lover og reglar og budsjett. Men forventar også ei aktiv lyttande rolle for å få impulsar frå det som skjer på golva.

Staten ønskjer i åra som kjem at kommunane og fylka skal få større ansvar for fagleg utvikling i skule og barnehage – i nært samarbeid med akademiske institusjonar. Så vi kan vel seie litt velkommen etter til staten. Denne konferansen og samarbeidet vi har i Møre og Romsdal i 15 år passar perfekt med dei nye tonane frå staten. Vi er godt rigga for at vi også i framtida skal kunne samarbeide godt om fagleg utvikling.

Og når eg ser ut over forsamlinga her i dag så kan eg ikkje la vere å tenkje at denne konferansen som har fått utvikle seg jamt og trutt over 15 år verkeleg har blitt ein slik god møteplass – og eg håper de i felleskap kan utvikle konferansen vidare også i framtida.

For Høgskulen i Volda er lærarutdanningane våre viktige. Dei er viktige både for høgskulens identitet – både for oss sjølve og for regionen. Men vi veit også at vi bur i ein del av landet der det i åra som kjem vil bli mangel på lærarar. Det er godt nytt for dei som tek lærarutdanning. Dei kan vere rimeleg sikre på å få jobb. Men det er dårleg nytt for dei skulane og barnehagane som ikkje klarer å få tak i utdanna lærarar, anten det no gjeld barnehage eller skule.

Vi har hatt vekst i søkjar- og studenttala til lærarutdanningane våre det siste året, og eg håper det er ein trend som blir sterkare i åra framover. De som skal arbeide med barn arbeider med det mest kostesame som finst – dei små barna – framtida vår. De skaper framtida både for det einskilde barnet og for heile samfunnet vårt.

Arrangørane har i år som tidlegare valgt føredragsholdarar frå øverste hylle. Dei har både kunnskapar og formidlingslyst. Og det er kanskje ein ting som vi ikkje alltid tenkjer over: Føredragsholderane vil også lære av dykk. Blant anna i samtalar. Mn også på ved at det er eit sjeldan privilegium å få snakke med 550 interesserte fagfolk på ein gong, og den energien de representerer vil smitte over på føredragshaldarane – både i førebuinga og framføringa.

Eg ønskjer alle som skal på scena lukke til!

Eller som dei seier i Star wars:
May the force be with you!

May the force from eit halvt tusen barnehagepedagogar vere med dykk!

Tematikken i år er altså: Respekt.

Respekt for barnehagen. Respekt for ungane. Respekt for foreldra. Og respekt for mangfaldet.

Det kan her passe å minne om at barnehagar er ein ny institusjon i Noreg. Og på våre kantar. Relativt nytt for ein femtiåring som meg som aldri gjekk i barnehage. Det var også eit nytt fenomen for kommunestyrerepresentanten i ein av nærliggande kommune som enda i Dusteforbundet i Dagbladet då han klaga over at fleirtalet i kommunestyret ville bruke pengar på barnehage: Kva sa han? Barnehage meg her og barnehage meg der. Vi hadde ikkje barnehage då eg voks opp, og det vart no folk av oss også. Og frå bakerste benk kom det: «Ja, vart det det?»

Men denne debatten må faktisk haldast varm: Er barnehagen er bra for barn?

Eg vil her oppmode alle til å lese førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg ved Høgskulen i Volda sin kronikk frå Sunnmørsposten frå tysdag denne veka. Ho stiller spørsmålet om barnehagen er bra for barn. Og svaret hennar er ja – det kan den vere. Men ikkje for alle barn. Og alle barnehagar kan bli betre. Og alle barnehagelærarar kan bli betre. Og det er derfor vi er samla her i dag.

Litt av bakgrunnen for temaet «Respekt» er at barnehagen fekk ny rammeplan frå 1. august 2017. Der blir det anerkjent kva eigenverdi barndommen har. Respekt for barndommen som verdifull i seg sjølv.

Eitt av måla med konferansen er at alle dei 294 barnehagane i Møre og Romsdal skal bli betre. Og å sette i verk den nye rammeplanen er eitt mål på om barnehagane klarar å bli betre.

Blant spørsmåla vi stiller på konferansen er i kva grad vi faktisk anerkjenner og tek vare på barndommens eigenverdi? Møter vi barnet og barnet sine opplevingar med respekt? Klarer vi å oppdage og stoppe mobbing i barnehagen? Og forstår vi og klarer vi å møte barnet som er fødd i feil kropp med respekt – eller foreldra til barnet for den del?

Det er altså heile 550 deltakar her i dag. Dei fleste er pedagogiske leiarar og styrarar i barnehagar. De er tilsette i PPT, mange høgskuletilsette er her i dag og fleire tillitsvalde i Utdanningsforbundet. Etter det eg har fått vite er det også mange tilreisande frå andre fylke enn Møre og Romsdal.

Det blir barnehagekonferanse også 2018. Datoen ikkje heilt spikra, men vi snakkar nok om slutten av oktober.

Med dette erklærer eg barnehagekonferansen 2017 i Møre og Romsdal for opna. Eg vil ønskje kvar og ein av dykk velkomne til barnehagekonferansen og til Ålesund og håper de får to inspirerande dagar.

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar