Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar

UH Nett Vest representantar på besøk ved HVO-biblioteket

Biblioteksamarbeidet innanfor UH Nett Vest har vore godt – og vart lenge. 28. september kom representantar frå HVL (Sogndal, Bergen og Haugesund), UiB og Universitetet i Agder til Volda omvising på høgskulebiblioteket – og utfordringane er nokså like alle stader kan det sjå ut til. I tillegg deltok representant frå UiS på skype i møtedelen.

Biblioteket er plassert på ulike stader i organisasjonen på dei ulike institusjonane i UH Nett Vest: HVO, UiS og UiA: Administrasjonen. UiB: Viserektor for utdanning er leiar i bibliotekstyret. HVL: Prorektor for forsking.

Færre bøker – fleire studentar
Boksamlingane på biblioteka blir mindre og mindre – og i staden vert biblioteka i stadig større grad arbeidsplassar for studentar. Høgskulen i Volda har hatt ei boksamling på ca 100.000 bøker, men den vert no redusert. I staden skjer det same i Volda som på dei andre studiestadene: Hylleplassane vert bytta ut med arbeidsplassar for studentar som frå sine pc-ar får tilgang til store delar av samlingane til biblioteket.

Det same gjeld lesesalsplassar. Den tradisjonelle stille lesesalen vert nesten ikkje brukt lenger, og då er det betre å innreie romma på andre måtar som studentar og tilsette faktisk ønskjer å bruke. I praksis betyr det rom og bord for gruppearbeid og for bruk av digitale verktøy.

Spesialsamlinga i Volda
Biblioteket har det siste året skilt ut bøker med særleg historisk eller antikvarisk verdi i ei eiga samling på magasinet, der kriteriet for utveljing har vore at bøkene er eldre enn frå 1920.

Den eldste boka i biblioteket ved Høgskulen i Volda er Ludvig Holbergs «Dannemarks Riges Historie deelt udi 3 Tomer» frå 1732. 

Dette er bøker som berre kan brukast i biblioteket slik at dei blir teke betre vare på. Dei bibliotektilsette viser likevel skjøn slik at bøker i god stand framleis kan lånast ut. Ta kontakt med bibliotekleiar om du er interessert i ei oversikt over kva bøker dette gjeld. Biblioteket har i 2018 planar om å gje samlinga etter tidlegare rektor Erling Kristvik ein meir framståande plass på høgskulen. Bøkene vart pakka ned då Henrik Kaarstad-huset vart pussa opp. No skal dei fram att i lyset.

Plagsomme husdyr
Dei siste åra har biblioteket og andre delar av høgskulen fått eit nytt og lite velkome husdyr: Skjeggkre – som blant anna lever av å tygge papir. Denne insektarten vart først observert i Noreg i 2013, men er no å finne i heile landet. Inkludert i Nasjonalbiblioteket og på universistets- og høgskulebiblioteka. Skjeggkreet er ikkje farleg, og det er liten grunn til å frykte at verdfulle bøker skal bli oppetne med det første.

Slutt på papirkompendium og artikkelsamlingar
Ting kan tyde på at det over tid blir mindre mat til skjeggkrea. Alle biblioteka på Vestlandet melder om at det er jamt slutt på å trykke opp papirkompendium. Studentar som vil lese på papir kan skrive ut og ordne dette sjølv, men inntrykket er at studentane i stadig større grad les artiklar på skjerm. Men den tradisjonelle læreboka held fortsatt godt stand – både i bokhyllene og i bokhandelen.

Biblioteksgruppa i UH Nett Vest, samla i Volda. Frå venstre Henriette Hafsaas Tsakos (HVO), Ane Landøy (UiB), Marianne Nesbjørg Tvedt (HVL, Haugesund), Trude Færevaag (HVL, Bergen), Jesper Christian Mørch (UiA), Astrid Sandnes (HVL, Sogn og Fjordane) og Håkon Randgaard Mikalsen, studentrepresentant (UiB).

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar»

  1. Samarbeidet i UH Nett Vest har vart lenge, lenge, men vi har enno ikkje fått tilgang til dei digitale tidsskrifta ved dei ulike bibiblioteka frå for eks. HVO. Det ville vore ein stor fordel, og det er blitt snakka om de siste 15 åra, utan at samarbeidet har realisert denne etterlengta mogelegheita.

Legg igjen en kommentar