Forsking i postfakta-samfunnet

Kronikk i Sunnmørsposten 20. september 2017.

I eit samfunn der fleire og fleire tvilar på fakta og kunnskap er det viktigare enn nokon gong at forskarsamfunnet strekkjer seg ut til resten av samfunnet for å ope og ærleg fortelje om korleis forsking foregår – og å gå i dialog med både brukarar og kritikarar av forsking.

Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg forskingsfestival som kvart år blir arrangert i slutten av september. I løpet av eit par veker vert det arrangert ca 1.000 arrangement landet rundt, og ved Høgskulen i Volda er vi stolte over at vi i 2017 med heile 27 arrangement har fleire forskarar enn nokon gong før i sving for å drive forskingsformidling, eller som det heiter i den overordna målsettinga for forskingsdagane: Å skape begeistring og forståing for forsking.

Som den største forskingsinstitusjonen i Møre og Romsdal med over 200 fagtilsette kjenner vi eit særleg ansvar for å formidle fag og forsking på ein måte som både er tilgjengeleg for folk som ikkje visste at forsking kunne vere spennande, og på eit vidt spekter av arenaer der interesserte og engasjerte menneske møtest. Vi deltek på eldreuniversitet, i kyrkja, i museum, på kino, på utestader og ute i friluft – i tillegg til Høgskulen i Volda. Vi lanserer bøker, har faglege debattar, diskuterer og syner film – og har kviss. Forskarar er like mangfaldige som alle andre.

Våre eigne forskarar og forskarar frå inn- og utland skal blant anna snakke om biedød, om lærarutdanning, om verdien av estetiske fag, om samfunnsplanlegging – og om verdien av urørt natur. Fagfolk frå alle våre avdelingar deltek og på mange av arrangementa har vi lagt opp til at våre eigne studentar skal møte forsking i ein litt anna og breiare samanheng enn vanleg. Det skjer spennande ting og nye tankar kan bli tenkt når lærarar og studentar møter og samtalar med representantar frå livet utanfor akademia – frå arbeidslivet. Det kan faktisk bli samskaping av slike møte.

Kvifor er det viktig å drive slik oppsøkande forskingsformidling? Er det ikkje nok å formidle forsking til andre fagfolk og ekspertar gjennom internasjonale tidsskrift? Det er heilt nødvendig og normal og viktig aktivitet for å sikre forsking av høgast muleg kvalitet. Men det er ikkje nok.

Barn og unge møter i dag ei overveldande mengde med informasjon gjennom sosiale media. Ikkje alt i sosiale media er slik som det ser ut. I 2016-2017 har «fake news» – falske nyhende – vorte eitt av dei aller mest brukte og omtala orda i verda. Og mange snakkar også om at vi kan vere på veg inn i «post truth»-samfunnet. Er vi ferdig med fakta? Når mange nok korkje trur på nyhende eller på fakta i det heile – kva skal ein tru på då?

Djupast sett handlar dette om tillit og om kommunikasjon. Kommunikasjon både krev tillit – og kan skape tillit. Om vi ikkje har tillit til kommunikasjonspartnaren orkar vi knapt å bry oss om han eller ho, avisa, boka eller nettsida.

For at forskarar skal oppretthalde og styrke tilliten til forsking og fagleg arbeid må forskarane dele kunnskapen sin med eit allment publikum. Folk flest må kunne få tilgang til fag- og forskingsresultat for å orientere seg i samfunnet, for å få nye idear og impulsar og for å kunne vere eit danna og opplyst menneske i den store samfunnsdebatten og i den lille samtalen i heimen.

Men igjen er det ikkje nok å berre dele kunnskapen. Forskarane må også dele med andre korleis forskinga blir til. Korleis forsking blir finansiert. Kven som har interesser for forskinga. Kva som er forskingas føresetnader, metodar og avgrensingar. Og så må ein vere open om feila – både dei frå i går og dei andre. Det er slett ikkje slik at all forsking er av god kvalitet. Det er ikkje slik at forsking alltid gir resultat som ein oppdragsgjevar eller andre kan bruke. Om forskarane er opne også om dette. Om forskarar også formidlar slike historier er dei med på byggje tillit.

Om ein trur at alle nyhende er falske og at vi alt er inne i eit post-fakta-samfunn, så går vi ei uendeleg triste framtid i møte. Då er det viktig å hugse at internett og sosiale media ikkje berre er enormt sterke kanalar for å formidle propaganda og løgner – men gjeve oss alle også verktøy til å leite etter kunnskap, føre gode samtalar og finne fram til sjølvstendige standpunkt og vurderingar av kva som faktisk stemmer og er sant. Men det krev dialog. Og tillit.

Høgskulen i Volda er ein spissa institusjon. Dei fleste forskarane våre har utdanning frå og forskar innanfor humanistiske fag og samfunnsfag. Det omfattar pedagogikk, språk, litteratur, historie, kulturfag, sosiologi, psykologi, statsvitskap, mediefag – og andre fag. Dette er fag der språkleg formidling står i fokus, der kunnskap om språk, formidling, kjeldebruk og kjeldekritikk er nødvendige og sjølvsagde inngangar til kunnskap. Eg trur at våre fag gjev både lærarar, journalistar, kulturarbeidarar, sosionomar og andre kunnskapar, verktøy – og danning – som kan fungere som vaksine mot falske nyhende.

Fakta om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda:
Blir arrangert i tida 21. til 28. september
28 arrangement i Volda, Ørsta, Sæbø, Ulsteinvik.
I samarbeider med ca 30 lag og organisasjonar.
Arrangementa er gratis og opne for alle.
Meir informasjon på www.hivolda.no

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar