Helsefag for sosialarbeidarar

Nytt studium og nytt utdanningsdesign
Sosialarbeidarar i dag møter mange situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt som følgje av endringar i organiseringa av velferdstilbodet.  Som svar på dette behovet i arbeidsmarknaden starta Høgskulen i Volda i januar 2017 vidareutdanninga «Helsefag for sosialarbeidarar» Utdanninga utgjer 30 studiepoeng og blir gjennomført på deltid over eitt år. Studiet blir gjennomført som ei kombinasjon av samlingar og nettbasert undervisning.

Kvifor ikkje berre samlingar?
Denne utdanninga er den einaste av sitt slag i Norge. Det inneber at her er studentar frå heile landet. Ei løysing med færre samlingar gjer det mogleg for fleire å følgje studiet sjølv om ein bur langt unna studiestaden eller er i jobb ved sidan av. Dei fleste studentane er i arbeid ved sidan av, mange i turnusar med meir intense arbeidsperiodar etterfølgt av lengre friperiodar. Den nettbaserte undervisningsforma gjer det mogleg å studere i sitt tempo samstundes som vi hjelper studentane å halde progresjonen i studiet.

Kvifor ikkje berre nettbasert?
Studiet er praktisk retta, og studentane skal gjennomføre sju dagar obligatorisk praksis på ein helseinstitusjon. I løpet av studiet skal studentane tileigne seg ein del praktiske ferdigheiter som for eksempel observasjon av sjuke pasientar, blodtrykksmåling, blodsukkertaking og setting av insulinsprøyter. Dette er ferdigheiter som ikkje kan lærast over nett, men må gjennomførast saman med lærar.

Nett og samling  – «Ja takk begge delar»
Ein annan fordel med å kombinere undervisning både digitalt og «ansikt til ansikt» er at det kan auke læringseffekten med ulike tilnærmingar til læring. På samlingane får studentane tradisjonelle førelesningar i tillegg til arbeid i læringsgrupper med refleksjon over korleis den nye helsefaglege kunnskapen kan påverke den sosialfaglege yrkesutøvinga. Studiet har tre samlingar på tre dagar kvar. Mellom samlingane får studentane digitale «læringspakkar», som vi har kalla det. 

Digitale «læringspakkar»
Dei digitale læringspakkane skal hjelpe studentane å halde fokus og progresjon i studiet og halde eit jamt studietempo. Studentane har 3-4 veker på kvar læringspakke. Kvar læringspakke har eit spesifikt fokus og er utforma over den same malen:

  1. Innhald og læringsutbyttebeskrivelse
  2. Pensum og aktuelle nettressursar
  3. Lese- og arbeidsrettleiing
  4. Viktige omgrep
  5. Oppdrag med spørsmål og refleksjonsoppgåver
  6. «Test deg sjølv»

Nettressursar kan vere ei eller fleire videoførelesningar, eit «nettbrev», ein powerpoint eller ein film om det aktuelle temaet. Det finst mange gode filmar på nettet,. Ffor eksempel har KS (Kommunenes sentralforbund) laga mange gode videosnuttar om etikk, tvangsbehandling og brukarmedverknad som eignar seg godt for diskusjon i gruppe.

Studiet har fire obligatoriske arbeidskrav som må vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen. I tillegg får studentane ulike frivillige oppdrag i læringspakkane. Eit oppdrag kan vere å diskutere spørsmål knytt til temaet i læringsgruppa. Vi har lagt opp til at studentane kan bruke Adobe Connect til gruppearbeid mellom samlingane. I år har vi hatt ti læringspakkar, til neste år vert dette redusert til åtte. På «Digital Lunsj» i januar vil vi presentere eit eksempel på ein slik læringspakke.

Kva er god kvalitet i videoførelesning?
Video eller nettførelesningar er noko heilt anna enn den tradisjonelle førelesninga. Dette var nytt for oss alle då vi starta opp med studiet, og det har vore ei bratt læringskurve. Det tekniske ligg godt til rette for å få dette til, med nytt studio på Stømbygget og god hjelp frå HVO-BETA Men kva er god kvalitet i ei videoførelesning? Og er i det heile omgrepet førelesning nyttig i denne samanhengen? Den største utfordringa har vore å klare å lage korte nokk innspelingar. Vi har hatt som utgangspunkt at ei videoførelesning bør vere på maks 15-20 minutt, men realiteten har blitt at dei fort har blitt på 30 minutt, og kanskje lengre. Då er det kanskje betre å heller dele opp i to kortare videosnuttar. Innspeling av ei videoførelesning opplever vi som meir krevjande enn å stå i eit vanlig klasserom. Du bør vere meir fokusert og vere (enda) betre førebudd slik at det ikkje går vekk «dyrebar» tid til utanomsnakk. Vi har prøvd oss både med type «oversiktsførelesning» og det vi har kalla «fokusførelesning» som handlar om eit heilt konkret og avgrensa tema. Studentane evaluerer så langt at læringspakkane fungerer etter hensikta, og særlig godt likar dei bruk av video, både som førelesning og små videosnuttar om aktuelle tema. Vi har framleis mykje å gå på når det gjeld kvalitet på videoførelesningane, men vi er på veg…. Nokre gongar må ein nøye seg med «godt nok» og ikkje best mogleg….

Frå Fronter til Canvas
Dette første kullet med studentar starta med Fronter i januar, og fekk derfor lov til å fortsette med Fronter ut studiet. Vi fekk dermed eit halvt års utsetjing på å bygge opp Canvas. Men no når arbeidet med å flytte over frå Fronter til Canvas er vel i gong, ser vi at Canvas er «som skapt» for HFSOS. Inndelinga i bolkar passar godt til inndelinga i læringspakkar. Vi ser at Canvas legg til rette for ein logisk og god struktur i studiet samt ein «delikat» innpakkning. Også bruk av qizar eller andre typer «test deg sjølv» opplegg ser vi føre oss blir nyttig.

Utfordringar framover
Eit studium er, og bør, alltid vere, i utvikling. Dette er særleg viktig no i oppstarten. Vi kalla det først kullet for «prøvekaninar», og vi har gjort oss mange nyttige erfaringar, både over det som har fungert, og det som ikkje har fungert. Som med alt nytt, har her vore nokre barnesjukdomar undervegs. Neste år vil arbeidet med å vidareutvikle læringspakkane stå sentralt, ikkje minst med fleire, og betre  videoforelesningar. Vi har også mykje å gå på når det gjeld å bruke Adobe Connect. For oss lærarane har vi også eigne grenser, og kanskje motforestillingar, å jobbe med.

 Lenke til emneplan

Lenke til sak om studiet på HVO-veven